Årsmøte IL Jotun for 2020
24. april 2021
Årsmøte IL Jotun onsdag 19 mai 2021
12. mai 2021
Vis alt

Asbjørn Moheim til minne.

Minneord frå IL Jotun, friidrett v/ Rolf Breisnes og Liv Moen.
I tillegg til arbeidet i ÅTIL hadde Asbjørn eit glødande engasjement for friidretten i IL Jotun over fleire tiår. Han var sjølv aktiv for klubben i 50-åra, særleg i stafettsamanheng, men då friidretten i Jotun gjekk inn i sin gylne periode på slutten av 70-talet, vart Asbjørn eit levande midtpunkt.  Han var drivande arbeidssam, med ei spesiell evne til å organisera og få med seg folk, t.d gjennom dommarutdanning, slik at klubben skulle stå rusta til å ta på seg alle slags arrangement.  Asbjørn tenkte visjonært saman med gode medspelarar; resultatet vart eit nytt flott friidrettsanlegg i 1979 med landskamp som opningsstemne. Dermed var det skapt idrettshistorie i Årdal. For fyrste gong vart ei stemne av dette omfanget lagt utanom dei sentrale strøka! Denne stemna vart etterfølgt av fleire nasjonale og internasjonale kvalitets-og kvantitetsstemner, med NM som topp i 1984.  Asbjørn var stemneleiar for alle desse store arrangementa, som drog med seg alle dei beste norske og fleirfaldige internasjonale toppstjerner. For dette omfattande og gode  arbeidet er Asbjørn heidra med NFIF sitt diplom for administrativt arbeid. Asbjørn snakka lett og naturleg med verdsstjerner som Grete Waitz og Carl Lewis, men gløymde aldri å oppmuntra 11- åringen som sprang sin første 60-meter under Jotunleikane.

Ein sann friidrettsven er borte, men minna etter hans gode arbeid lever!