Eldsjel
Prisdryss til symjegruppa !
22. mai 2021
Keepertreningar -/gruppe !
27. mai 2021
Vis alt

«Hele Norge flyter»

Symjegruppa til IL Jotun har fått førespurnad frå NRK om å delta på det landsomfattande prosjektet «hele norge flyter». Dette er eit direktesendt arrangement på NRK frå Frognerparken den 5 juni.
Symjedugleiken til norske barn er katastrofalt dårlege samanlikna med andre land i Norden. Det er ei von om at dette prosjektet skal få enno meir fokus på symjeopplæring. Les gjerne meir om prosjektet her: https://svomming.no/nyheter/hold-av-5-juni-da-skal-hele-norge-flyte/

Dette er ein fin anledning for Årdal kommune og symjegruppa til Jotun og vise at me har fokus på symjeopplæring. Samstundes får me vise fram det flotte anlegget og glimt frå den flotte bygda vår. Dette vert spennande. Symjegruppa med instruktørar og symjarar er klare. Så om teknikken fungerer og me klarer å få sendt filmsnuttane vil sansynlegvis friluftsbadet i Årdal rulla over skjermen på statskanalen denne dagen.