Dugnadsliste MÅLROCK
25. juni 2021
Dagsbillettar til Målrock.
30. juli 2021
Vis alt

Gratulera så mykje Sivert !

Alt som knøttespelar viste Sivert fotballferdigheiter som låg langt over hans alderssteg.  Etter kvart som han vaks til dominerte han på lag som var både eitt og to år eldre enn seg sjølv. I Tillegg til fotballen deltok han på fleire av gruppene i Jotun. Han var aktiv innanfor friidrett, handball og ski.  Og det er vel ikkje nokon løyndom at han også dominerte stort i desse greinene også.
Sivert vart ein svært god 600 m løpar . Som 10 åring på Bergensleikane sprang han 600m på 1.51.08.  Ni år etter er det ingen som har sprunge raskare. Sivert sin rekord står enno. Ein prestasjon det er all grunn til å applaudere. Om me ikkje tek heilt feil har han også stemnerekord i Tyrvingleikane i liten ball. Så det er ingen tvil om at denne guten har hatt mange strenger å spela på.
Me som har fulgt Sivert sidan han starta i fotballen har merka oss spesielt ein ting. Sjølv om han har spelt både to og tre årsklassar opp, har han alltid stilt opp på sitt eige alderstrinn og bidrege alt han kan på eige lag. Han har vore god kamerat og vore med og spelt dei andre gode med sine ferdigheiter. Han har aldri som me har opplevd gjort stort nummer utav talentet og ferdigheitene sine. Han er rett og slett ein ambassadør og eit godt førebilete for alle dei som kjem etter han.
På sist kretsting i fotballen fekk Jotun fotball tilbakemeldingar frå høgaste hold, om at både Sivert Mannsverk og Eirik Lereng imponerte og vart lagt merke til for sine holdningar.  For desse to er gutar som viser svært gode haldningar blant medspelarar , trenarar og støtteapparat.  Det tykkjer med som Årdøler er veldig kjekt å høyra.
IL Jotun er svært stolte over det Sivert har fått til. Dette har han ikkje gjort åleine. Han har hatt eit godt trenarapparat rundt seg og ikkje minst foreldre som har støtta opp både på og utanfor bana.
IL Jotun ynskjer Sivert Mannsverk all muleg lukke til i Molde. Me kjem til  å sitja klistra til skjermen når Molde er i aksjon. Me vert nok alle litt Molde patriotar no.

 

 

Sivert i lengdegropa på Bergensleikane

Glad Jotun gjeng på friidrettsstemne