Dagsbillettar til Målrock.
30. juli 2021
Tom Hellebø, spelarutviklar Jotun fotball
14. august 2021
Vis alt

Treningsavgift IL Jotun 2021

Kvart år vert det i tillegg til medlemskontingent fakturert ut treningsavgift. Satsane har ikkje vore forandra dei siste 3 åra.
Treningsavgift skal vera med å dekke blant anna dei kostnadene som gruppene har til leige av hall og baner. Det er betydelege kostnader i løpet av eit år. Under koronaen har Årdal Komune vore snille med oss og ikkje fakturert fullt ut dei timane me har brukt. Dette er noko av grunnen til at ikkje avgifta aukar.
IL Jotun hadde siste året 1,2 mill mindre i omsetning. Store deler pga av koronasituasjonen. Sjølv om me har fått refundert tapte inntekter, dekkar det ikkje opp for alle inntektsbringande tiltak me  elles kunne gjennomført. Me håpar alle no på betre tider slik at aktivitetar og tiltak kan starte for fullt.
I IL jotun betaler ein samla treningsavgift uavhengig av kor mange grupper ein er med i. Ein kan delta i ei eller 7 grupper, og avgifta er den samme.
Frå ein startar i 5 klasse er det tilbud i alle særidrettar i Jotun. Nokre av gruppene startar tidlegare med aktivitet. Det avheng om ein får foreldre-/vaksne til å ta på seg trenaransvar.
Avgifter er som fylgjer:

(I gjennomsnitt er det treningar 10 mnd pr år)

Medlemskontingent : kr 150,-
Famiiekontingent ; kr 450,-  ( Frå 2022 går det ned til 400,-)

Treningsavgifter:

Årstal Avgift Pr.mnd Gruppe Grupper med eiga avgift
2015 – 2014 450,00 45,00 Allidrett
2013 – 2012 500,00 50,00 Allidrett
2011 950,00 95,00 Kan delta i alle grupper Motorsport
2010, 2009, 2008 1500,00 150,00 Kan delta i alle grupper
2007, 2006, 2005 1800,00 180,00 Kan delta i alle grupper

For dei som har med fleire ungar i idrettslaget er det 25% moderasjon på den bilegaste avgifta. Det er ikkje søskenmoderasjon i allidretten.

Mvh
Styret i IL Jotun