Tom Hellebø, spelarutviklar Jotun fotball
14. august 2021
Leah Nordnes, regional landslagssamling i handball.
20. august 2021
Vis alt

Opplæring i S2S treningsøkta.

IL Jotun fotball vil arrangere opplæring for trenarar i planleggingsverktyet S2S, Treningsøkta. Me er så heldige at mangeårig brukar av dette, Bjørge Kilen vil halde kurs for oss.

Han har konsekvent brukt dette verktøyet i treningskvardagen og har liggande mange øvingar inne som ein kan nytte. Med god planlegging vil ein sikre at øktene vert gjennomført godt sjølv om ikkje hovedtrenar er til stades. Planlagde økter kan delast mellom trenarane og såleis vera til god hjelp ved utføring av treningsøkter.
Bjørge, har gjennom mange år også hatt ansvar for banefordelinga i S2S. Pr dags dato har me ingen til å ta denne jobben. Me håpar at nokon kan melde seg til den oppgåva så vil Bjørge også her foreta god opplæring.
Me avtaler tid og stad med Bjørge, så kjem me tilbake med når dette vert gjennomført. Håpar så mange som muleg vil nytta seg av dette tilbodet.