Leah Nordnes, regional landslagssamling i handball.
20. august 2021
Lerøyleikane 2021
11. september 2021
Vis alt

Ella, månadens fairplay for august.

IL Jotun fotball har som mål å dele ut fairplay pris kvar månad. Men dei siste åra har det våre veldig på og av i fotballen som fylgje av koronaen. Og difor ingen dømming. Me håpar at me no er i gang att for fullt og ynskjer at alle lag og støtteapparat rundt laga er flinke til legga merke til spelarar, dommarar, trenarar, oppmenn eller andre som viser god «fairplayånd»
For august månad har fairplayansvarleg Ivar Otto Øren fått inn nominasjonar. Ella Opheim Furuborg nett fylt 14 tok klubbdommarkurs for to år sidan. Dømde på #Kongleriket turnering rett etter kurs. Under koronaen vart det naturleg nok alt for lite dømming. Når fotballen kom i gang att stilte ho opp og dømde ein del treningskampar. Mest sjuar kampar med drista seg også til å dømme niarkampar. Ho tykte det var kjekt og sjølv om ho var litt ung fekk ho lov å melde seg på rekrutteringsdommarkurs.
I begrunninga for prisen står det å lesa: Ella mottek prisen blant anna for å vera den einaste jenta i Jotun som stiller opp som dommar, men mest av alt fordi ho torer å ta tøffe og modige valg. Ho seier frå når noko ikkje er greitt. Ella haustar mykje skryt frå laga i Jotun og Jotun fotball håpar og ynskjer at Ella vil halde fram med dømminga. Gratulera så mykje med velfortent Fairplaypris for august 2021.

Ella får utdelt diplom og gåvekort frå Fairplayansvarleg Ivar Otto Øren