Alf Midtun til minne !
28. desember 2021
Filefjell alpin-og freeski 2022
19. januar 2022
Vis alt

Godt nyttår og takk for det gamle !

Då var det den dagen på året att. Siste dagen i 2021. Kvar vert dagane av og kven skulle tru at me fekk to år der pandemien herja med oss. Uteidrettane kom slik nokonlunde frå det. Friidretten fekk delta på stemner og arrangera stemner. I tillegg fekk me mange gode resultat på friidrettsbana. Rekordar som hevda seg heilt på topp i landet. Me fekk og oppleva breidden på klubbstemnene som friiretten arrangerte. Fotballsesongen fekk me også gjennomført, trass nokre «koronastopp» som gjorde at oppstarten vart tøff. Mange kampar pr veke som kan vera belastande for spelarane våre. Ungdomane i fotballgruppa stilte også denne sommaren opp i kiosken og sytte for både inngangsbillettar, mat og drikke til besøkande i bassenget. Kiosken vart kutta litt før tida da det kom smitteutbrot i starten av august. Dette gjorde til at den store Målrock dugnaden som Jotun deltek på, vart avlyst. Både Fåbergcup og Norwaygup vart avlyst andre året på rad.
Utbrotet vart raskt kontrollert og me kunne gleda oss til å slita benkane inne i Årdalshallen og endeleg få lov å reisa på handballkampar att. Heilt nytt damelag var stabla på beina etter iherdig innsats av ein gjeng tidlegare handballspelarar. Både aldersbestemte kampar og seniorkampar vart spelt kvar helg. Og det å kunne reisa i hallen ein laurdag og kosa seg med kaffi og noko å bita i, kjende me verkeleg at me hadde lengta etter.
Turngruppa starta oppatt sine treningar, fekk til og med delta på ei konkurranse der dei kom heim med pokal og svært gode resultat. Dei var ikkje før heimkomne, før øvingar til juleoppvisning starta for fullt. Iherdige trenarar og ivrige utøvarar planla program og øvde opp til fleire kveldar pr veke. Styrkeløft deltok på NM og kom heim med medalje. Flott !!

Motorsportgruppa reiste på helgesamling som inneheldt både køyring og sosialt samvære. Symjegruppa trente for fullt og også dei deltok på stemne  med gode resultat og personlege rekordar. Nye grupper vert starta av ivrige eldsjeler. Me rakk å ha nokre treningar for innebandy gruppa. Ei spennande gruppe som det heilt sikkert kjem til å bli god aktivitet i. Og berre vent, etter nyttår vil de heilt sikkert stifta kjennsakp til nye grupper i Jotun. Det er kjekt! Og ein bekreftelse på at me gjer noko rett og er eit attraktivt lag å vera med i.
Like før jul vart det bråstopp att. Nye smitteutbrot som gjorde at all aktivitet vart på nytt lagt ned. No kryssar me fingrane og håpar me får starte oppatt når det nærmar seg februar 2022.
I det siste innlegget i året må me takka ! Fyrst og fremst takka kvar enkelt som stiller opp frivillig time etter time, dag etter dag heile året. Trenarar og støtteapparat rundt ungdomane og alle som har sagt ja til å sitja i verv i dei ulike gruppene. Det er ikkje før ein er midt oppi det, ein ser kor mykje arbeid som vert lagt ned. Viktig for folkehelsa i ei lita bygd ! Hovedsponsorane våre Årdal Kraftlag, Sparebanken Sogn og fjordane og Årdalsnett er med oss uansett pandemi eller ei. Me rettar ei stor takk til dei som er med å legga det økonomiske grunnlaget for at me kan ha den aktiviteten me har i dag. I tillegg til desse er det mange fleire som gir oss økonomiske gaver kvart år. Hydro Årdal, Årdal Boligbyggelag, Årdal Kjemiske fagforening, Agnitio og mange fleire. Alle desse vert nemnt i særgruppene sine årsmeldingar. Tusen takk !! Me kjem heller ikkje i år utanom å takke seniorgruppa i Jotun. Dei står på året rundt og har alltid små og store prosjekt på gang. I denne gruppa har me plass til mange fleire. Berre ta kontakt og me skal ta godt i mot deg! Ei takk til alle handlande i Årdal. Me har eit svært godt samarbeid med alle leverandørar som gir oss gode rabattar og er rause med gåver når me tiggar til basar og lotteri. Ei spesiell takk til Sportshuset Årdal som er den største leverandøren vår. Over mange år har me hatt eit svært godt samarbeid med Marit og Reidar på sporten. Dei har stått på og kasta seg rundt for at me alltid skal få det me treng. Tusen, tusen takk til dykk ! No er nye eigarar på plass og det er godt å oppleva at det same gode samarbeidet held fram . Det er godt å ha utstyrsleverandørar som er tett på og som alltid står på for at me skal få levert det me treng. Me må og få takke utstyrsleverandøren vår Hummel som har vore hovedsponsor på utstyr sidan 2016. Tusen takk !
Ei stor takk til Bjarte Hove som har vorte nedringt av fortvila trenarar, oppmenn, leiarar  med spørsmål om : «Kva gjer me»? Han er like roleg, har gitt oss  gode råd gjennom pandemien.
Til slutt vil me få takka alle som støttar oss med medlemskap i Jotun, støttar oss med grasrotandel og som stiller opp på arrangementa våre, kjøper kaffi og noko å bita i og i tillegg til at de kjøper lodd når me sit rundt omkring i bygda med loddsal.
Me håpar på betre tider i 2022 og at me møtest der me aller helst vil vera. Rundt omkring i hallar, i skisporet og på stadion.
GODT NYTTÅR TIL ALLE FRÅ IL JOTUN. TA VARE PÅ KVARANDRE !