Årsmøter for 2021
30. januar 2022
Treningssamling med Anjo!
6. februar 2022
Vis alt

Årdalsstemnet 5-6 februar.

Denne helga vart Årdalsstemnet arrangert. Det skulle opprinneleg ha vore i Årdalshallen, men pga ein del smitte i bygda vart det flytta til Førde. Og det er ingen fare å flytta stemner når me har så gode vener i symjemiljøet både i Førde og Eid som stiller opp som både funksjonærar og dommarar. Heilt eineståande. Ingeborg Hjelle som er leiar i Jotun si symjegruppa og leiar i symjekretsen gjorde som vanleg ein eineståande innsats på førhand og under stemnet for å få alt til å klaffa. Me var tre dommarar frå Jotun som stilte. Linda Gildseth, Ruth Laberg og Ingeborg Hjelle. Litt ruskne etter to år med koronastopp, men når dømminga kom i gang gjekk det greit. Godt å koma i gang att og friska oppatt kunnskapen.Var berre ein symjar frå Årdal med denne gangen. Sigurd Bale var med i nesten samtlege av dei øvingane han kunne stille i. Og gjorde ein super innsats. Av trenarane var Frida Lidal med.  Per Inge Bale var speaker både laurdag og søndag. Var mange gode persar under stemnet og nokre av symjarane brukte Årdalsstemnet som springbrett til å greie kvalifiseringa til Låmø som skal vera i Stavanger om eit par veker. Kjekt å sjå at det er så mange rekruttar på veg opp.
Me håpar å få til eit lokalt stemne i Årdal før påske. Da kan alle rekruttane våre få prøva seg på fyrste stemne.
Takk for ei flott helg . Det er kjekt å vera i symjefamilien. Veldig godt samhald og gode opplevingar !