Treningssamling med Anjo!
6. februar 2022
Jotun fotball Kiwi-Bama cup !
14. februar 2022
Vis alt

IL Jotun -nytt treningstilbod

Ved årsmøtet til IL Jotun den 9 mars vil det koma søknad om å opprette eit nytt tilbud i idrettslaget. Om årsmøtet vil, vert det frå og med 10 mars starta IL Jotun trekkhundgruppe. Dei ivrige deltakarane har alt starta trening og aktivitetar.
Bli med på trening med Jotun trekkhundgruppe som ein kommande del av IL Jotun sitt treningstilbod.
Jotun trekkhundgruppe vil legga opp til effektive og morosame treningsøkter, både for deg og hunden din. Me vil legga opp til sesongtilpassa trening som snørekøyring på ski om vinteren, canicross (løping med hund) og snøresykling med hund vår, sommar og haust. Kanskje kan nokon av oss delta på turløp med hundane våre etter kvart?
Me kjem til å ha fokus på at hundane skal få motivasjon til å trekka, og at både hund og menneske skal læra seg å kommunisera godt gjennom enkle kommandoar. All fysisk trening vil bli tilpassa ditt og hunden sitt nivå. Alle er velkomne, og det er ingen krav til fysisk form, type hund eller forkunnskapar – me vil gjera vårt beste for ei god økt for alle!

Trenarar: Stine Ohrvik og Torunn Todal Laberg

Treningsstad: Årdal – nøyaktig treningsstad vil variera og blir lagt ut her for kvar trening.

Utstyr: Du treng sele til hunden din, line med strikk og eit magebelte. Ta gjerne kontakt for spørsmål om utstyr!

Monika Hallan frå Norges hundekjørerforbund kjem 20. februar

Bli med oss på vår første fellestrening førstkommande søndag. Me får besøk av Monika Hallan frå Norges hundekjørerforbund, som skal trena saman med oss som ein del av oppstarten. Monika har lang erfaring frå friluftsliv med hund, og har drive aktivt med trekk som idrett i ei årrekkje. I dag trenar og konkurrerer ho saman med sin vorsteh, Lats.

Gå inn på «Jotun trekkhundgruppe» på facebook for meir informasjon.