Prosjekt jenter på feltet !
21. mars 2022
Ei gladsak frå barnefotballen i Jotun fotball !
10. mai 2022
Vis alt

Terje Sylvarnes, æresmedlem i IL Jotun

Fotent æresmedlem IL Jotun

På årsmøtet i mars vart Terje Sylvarnes  utnemnt som æresmedlem i laget. Terje har vore med i Jotun i heile sitt liv. Han har vore aktiv heile barne og ungdomstida i fotballen i Jotun.
Når han sjølv slutta som aktiv var det heilt naturleg for han å halde fram med frivillig arbeid i klubben. Der tok han på seg å vera trenar både i fotballen og handballen.
Terje har alltid vore oppteken av god grunntrening og at alle både barn og unge skal behandlast likt uansett kva nivå dei ligg på.
Det er ei gleda for idrettslaget og ha slike personar i klubben, som gir så mykje av seg sjølv og som kjem heile laget til gode. Og da spesielt barn og unge.

På same årsmøtet fekk  Linda Gildseth eldsjelprisen som har vore omtala på sida  her tidlegare.
Me gratulerar begge med solid innsats !

Det kan og nemnast at på dette årsmøtet tok Arnt Stølen Moen attval som leiar for idrettslaget Jotun. Det betyr at han er den lengst sitjande leiaren i idrettslaget sin historie. Me er heldige som har ein så stødig og nøyen mann ved roret. Alle saker han behandlar vert grundig undersøkt og det er ingen ting som går på tilfeldigheiter.
IL Jotun er om ikkje lenge 100 år. Arnt er sentral og ein pådrivar med jobben rundt jubileumsboka.
Tusen takk for den jobben du har gjort og framleis gjer Arnt. Du er gull verd !!
Styret i AU for 2022 ser slik ut:

Leiar : Arnt Stølen Moen
Nestleiar : Odd Vidar Øren
Økonomileiar: Mona Nytun
Kasserar: Kristine Haglund
Gruppekontakt: Erlend Haugenn
Miljø og Trivsel: Gabor Nyheim-Igari