Friidrettstemne på Jotun stadion
30. august 2022
Høyring – kommunedelplan for idrett fysisk aktivitet og friluftsliv
5. oktober 2022
Vis alt

Salg av fyrstehjelps kit i Jotun fotball


I desse dagar vil de sjå stor aktivitet på facebook og muligens får de besøk på døra av ivrige fotballspelarar som sel hendige små fyrstehjelps puter . Heilt perfekte til å ha liggande i bilen, på hytta eller heime. Innntektene går rett tilbake til spelarane sine lag som dei kan nytte til aktivitetar i laget. Anten dei sparar inn eigenandel til cup eller dei vil gjera noko sosialt i lag. Ta vel i mot alle saman. Dei får utdelt 5 puter kvar. Veldig mange har alt solgt meir enn dei tildelte putene.
Putene vert levert på døra i starten av oktober til dei som har kjøpt . De kan da vippse til laget sin vippskonto. Har de ikkje vipps skal me likevel ordne med at de fåt betalt putene.
Ta godt i mot våre spelarar som sel Fyrstehjelpsputer. Hjå dei kan de sikre dykk tidenes julegåve. !
Å velja salg av fyrstehjelpsputer var eit naturleg val for fotballgruppa. Me er no inne i ein periode med fokus på HLR og fyrstehjelp både for born og utøvarar. Jotun fotball var så heldige å få sponsa hjartestartar gjennom Fotballkretsen. Hjartestartarene var sponsa frå Enivest som er samarbeidspartner til Fotballkretsen. Jotun fotball har ei ressurs gruppe med Stine Sørli i spissen som kursar alle borna-/ungdomane i fotballen i HLR og hjartestartar. Me er heldige i Jotun fotball !!
I tillegg til det, har IL Jotun eit svært godt samarbeid med Norsk Folkehjelp avdeling Årdal som no kursar alle trenarar og dei i støtteapparatet som ikkje har kurs i HLR og bruk av hjartestartar. Me er svært glade for dette samarbeidet.
Det er god dekking av hjartestararer i Årdal. Desse finn de på 113 hjartestartarregisteret.