Avslutningsfest for ungdomsfotballen Jotun !
25. desember 2022
Årsmøte IL Jotun for 2022
14. februar 2023
Vis alt

IL Jotun ynskjer godt nyttår !

Då er enno eit år ved vegs ende. Eit år der me endeleg kom litt tilbake til normalen. Pandemien fulgte oss inn i fyrste kvartal i 2022. Men treningane kunne halde fram og før sommaren var me tilbake for fullt. Endeleg fekk me kjenne på cup livet att, reise på stemner både i vatn og på land. Trenarar, oppmenn, styremedlemar, sportslege utval var tilbake som frivillige på sidelinja. Trass 2 år med nesten full nedstenging, svikta de ikkje. De kom tilbake, bretta opp ermane og var klare for innsats for idrettslaget att.
Året 2022 har vore frivilligheitens år. For å framsnakke og heidre alle som brukar av fritida si i ulike frivillige organisasjonar. Fleire organisasjonar rundt i landet har merka at det etter pandemien har vorte vanskelegare å rekruttere frivillige. Me håpar dette vil endre seg. Uansett kvar ein er i landet eller kva organisasjon ein representerer er me heilt avhengige av dykk.
Kvart år utarbeider SSB statistikk over frivillig arbeid i alle kommunar. For 2021 presanterte idrettskretsen desse tala for Årdal Kommune. Statistikken er basert på antal medlemar i laga.
For Årdal sin del var talet 13,6 mill. Noko som betyr at det arbeidar utifrå normal gjennomsnittsløn 28 årsverk heilt gratis i organisasjonane i Årdal. Det er berre å ta av seg hatten for !!
Gjennom eit heilt år i idretten er det mykje ein bit seg merke i og som rører ved noko djupt inni oss. Ja, ein vert rørt av å sjå gleda av å vinna fotballkampar, handballkampar eller når ein spring fyrst i mål på eit friidrettstemne. Men det som har rørt underteikna aller mest i år, er to  heilt spesielle hendingar. Den eine  på det lokale symjestemnet som vart arrangert siste mandag i november. Stafett var siste øvinga på stemnet. Borna-/ungdomane vart bedt om å setje saman laga sjølve. Og heilt normalt i slike høve er at ein vel seg ut dei beste å vera på lag med for å sikre sigeren. Men laget som fyrst organiserte seg var langt frå det beste, men det var dei beste veninnene. Det å få oppleva at det var venskapet som var det viktigaste for lagssamansetjnga i staden for prestasjonen var gripande og rørande. Dei 4 jentene som ikkje hadde alt for lang fartstid i symjegruppe valde å danne laget fordi dei var vener. Og det er viktig .Å bygge lag og å bygge venskap. Det skulle me ønska me hadde mykje meir fokus på, spesielt me som er føresette. I staden for alltid å strekkje oss etter eit høgare nivå ein kanskje ikkje er klar for.
Den andre hendiga er utan tvil foredraget «Midt i Trynet» som me var så heldige å få bli med å arrangere. Å koma så tett på ein som har kasta vekk over tjue år av livet sitt i rus var sterkt. Å vera vitne til samspelet mellom Torbjørn, den normale guten frå Trøndelag og Richard, guten frå Porsgrunn som havna i «rushelvete». Dei to har utvikla eit unikt venskap, dei reiser rundt i heile landet og snakkar førebygging. Takk for det viktige arbeidet de gjer!

Det er mange som er viktige for idrettslaget for at me skal få alt til å gå rundt. Me har tre hovedsponsorar som støttar oss. Me håpar også at de vel å støtte dei. Tusen takk til Sparebanken Sogn og Fjordane, Årdal Kraftlag AS og Årdalsnett AS. Utan dykk kunne me ikkje ha dreve den store aktiviteten me driv. I tillegg har me eit næringsliv i Årdal som aldri seier nei nå me masar om støtte ! Tusen takk til alle andre som er med og bidreg! Takk til alle frivillige som stiller opp og takk til alle som vel å støtte Jotun med medlemsskap og sin grasrotandel.

Tusen takk til den fantastiske seniorgruppa som alltid stiller opp !

Før me går inn i 2023 har me eit veldig stort ynskje.
Me ynskjer at me alle skal bli enno rausare mot kvarandre. Bli flinkare til å gje ein klapp på skuldra. Mange av trenarane våre vel å vera med sine og dykkar ungar opptil 3 kveldar pr veke. I tillegg reiser dei på kamp og stemneaktivitet.
Hugs på at dei er familiefedrer eller familiemødrer, som har det like travelt som alle andre som står utanfor idretten.
Me registrerer ein utvikling der, etter vår meining, ein usunn prestasjonskultur har breidd seg i samfunnet og inn i idretten. I dei aller fleste høve er det me vaksne som konstruerer urealistiske krav og legg krava på ungane og dei som på frivillig basis organiserer aktiviteten deira etter beste evne. Lat oss i 2023 bli flinkare å framsnakke. Og la oss tenka oss godt om før med «nedsnakkar».
Tilby gjerne di hjelp ! Me tek i imot !!

2023 er jubileumsår for IL Jotun. Me vert 100 år og det skal feirast frå ende til annan. Det gler me oss til !!
Godt Nyttår til alle frå IL Jotun !