Innkalling til ekstraordinært årsmøte
6. september 2023
Godt Nyttår !
31. desember 2023
Vis alt

God Jul og takksemd frå 100-åringen!

Enno eit år er snart til vegs ende. For alle oss i Jotun har det vore eit spesielt og kjekt år. Me har feira 100 år. Og det må vera lov å seie at me er Årdals sprekaste 100 åring.
Jubileumsbok
Når me feirar 100 år må det sjølvsagt lagast bok. Jan Egil Fimreite var positiv med ein gang og tok på seg den krevjande jobben det var  å samla 100 års historie mellom to permar. Han uttalte fleire ganger at alle grupper burde hatt kvar si bok med like mange sider som det vart i jubileumsboka. Så mange historiar, store hendingar og flinke folk skulle pressast inn mellom desse to permane. Det var ei krevjande oppgåve.
Bursdagsfest
Sjølve bursdagsfesten måtte sjølvsagt finne stad i «heimen vår»  storstova til Jotun, Klubbhuset. Huset som Laila og Gunnar Vassvik passar på og vaskar og held i orden etter tilstellingar. Saman med seniorgruppa i Jotun  gjer dei eit fantastisk arbeid med vedlikehald og ettersyn. Dagen vart feira med flott jubileumskake og kaffi. Masse besøk var innom klubbhuset. Både store og små. Hovedsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane dukka opp med fantastiske gåver.
Jotun si skigruppe fekk overlevert sjekk på kr 500.000 som var øyremerka innkjøp av trakkemaskin. Turngruppa til Jotun fekk sjekk på kr 40.000 til gjennomføring av treningssamling for barn og unge. (Alle som har gitt gåver og blomar vert lista opp nederst i innlegget.)
Boklansering –10 juni var det klart for lansering av Jotunboka. Me rigga oss til i Tyateltet. Det var veldig godt oppmøte og mange bøker solgt. Elevar frå Farnes skule hadde ikledd seg Jotudrakter og stilte opp og song Jotun sangen opptil fleire ganger i teltet til stor applaus frå dei frammøtte. Ei stor takk til Merete Moen som organiserte og leia koret. Takk og til Terje Sylvarnes som stilte opp saman med borna og sang i koret.
Kongleriketturnering og aktivitetsdag
I august stod fotballgruppa som arrangør av ein av fire årlege turneringar for minifotballen. Her nytta idrettslaget anledninga til i tillegg til fotballaktivitet å stille med alle sine grupper i Jotun på open dag. Det var full rulle fra morgon til kveld. Turn, innebandy og handball i Årdalshallen. Rulleski, fotball, friidrett og frisbee ute på hovudanlegget. Om kvelden vart det arrangert barne og ungdomsdisco på Bakeriet med gratis pizza og brus til alle. Her var også premieutdeling etter aktivitetsløypa tidlegare på dagen.
Jubileumsfest
I september fekk me endeleg feire oss sjølve. Eit flott pynta lokale på Bakeriet. mange flotte gjester og påmelde til festen. Og enno fleire flotte gåver. Nok ein gang stilte Sparebanken Sogn og Fjordane opp med flotte pengegaver på prosjekt me har søkt på. Nydeleg mat og mange fine ord frå frammøtte. Alltid kjekt når Jon Navarsete stiller opp. Han er Sogndøl, men me torer å påstå at det er ikkje mange som kan historia til Jotun like godt som Jon. Han vil alltid vera ein av dei størse Jotunvenene me har. Eivin dSkjerven hadde teke turen frå Stryn for å heidre 100 åringen. Eivind var sentral både i turngruppa og fotballgruppa til Jotun i si tid. Festen vart leia på ein super måte av Morten Brandsdal. Og dansefoten fekk køyrt seg ut i dei seine nattetimar.
Foredrag Roger Finjord
Det siste planlagde tiltaket gjennom jubileumsåret, var foredraget til  Roger Finjord. Han var på førehand omtala som Norges beste foredragshaldar. Og i etterkant kan me trygt seie, at han ER ein av norges beste foredragshaldarar.  90 minuttar flaug av garde og latteren ljoma i salen. Det var veldig kjekt at heile ÅFK prioriterte nokre dagar før den store seriefinalen å stille med heile troppen på foredrag. I etterkant kan ein håpe at inspirasjonen frå Roger var med på å lande seriemeistertittelen. Var i allefall kjekt å høyre at dei to trenarane Morten og Ole Gunnar ringte til Roger like etter at sigeren var sikra.

IL Jotun er svært takknemlege. Det er mange som har stått på enno meir enn vanleg dette året. Mykje skulle planleggast og leggast til rette for. Tusen takk til alle frivillige.
Og ikkje minst , tusen takk til alle som har støtta oss med gåver og bidrag til jubileumet. Og tusen takk til hovudsponsorane våre for fantastiske gåver og ekstra støtte til arbeidet med jubileumsboka.

Gåver og blomsterhelsingar:
Sparebanken Sogn og Fjordane
Sparebanken Vest
Årdal Kraftlag AS
Årdalsnett AS
Hydro Årdal
Indre Sogn Bil AS
Agnitio AS
Legal Eigedom AS
Årdal Kommune
Jonny Takras
Åtil
Vestland idrettskrets
Årdal idrettsråd
Norges Fotballforbund
Jon Navarsete

I tillegg vil me takke heile næringslivet som har gitt ut gåver og premiar til lotteri og tilstellingar gjennom heile jubileumsåret. Makan til tolmodige og snille næringsdrivande skal ein leita lenge etter !!

IL Jotun ynskjer å takka alle som har bidrege dette året, både med aktivitet , vedlikehald og med den store dugnaden som har vore gjort rundt jubileumsfeiringa:
Me ynskjer alle ei God og fredeleg Jul !

Takk til Gabor Nyheim-Igari for fantastiske bilder.

Bursdagsfest i klubbhuset

Fantastisk gåve til skigruppa!

Gåve til turngruppa!

Ei av dei gode eldsjelene våre!

Pynta til fest

 

Mange har vore i aksjon og blitt med på pynting

Pynta til fest

Jo Navarsete – kåseri om Jotun

Ordførar Hilmar Høl overrekte bilde av Ronny Hammer, frå Årdal kommune.

Glade jenter etter gåveutdelinga  Bilde lånt av Nettavisa Porten.

Tale frå Eivind Skjerven. Ein veldig sentral person i «oppveksten til IL Jotun»

Fantastiske Sparebanken Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Fotballkrets ved Jarle Christensen.

Hydro Årdal ved Børre Øvstetun

Furore stipend til August Sveen frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Songen vår var sjølvsagt sentral under feiringa.

Gåvene våre samla i klubbhuset.