Ruth er «Årets Årdøl»
21. desember 2018
Nyttårshelsing frå IL Jotun 2018.
30. desember 2018
Vis alt

Julehelsing frå IL Jotun 2018

Basert på oversikt over treningstider både ute og inne, har me rekna oss fram til at det totalt i Jotun vert drive dugnad på treningstimar, møteverksemd, reiser og planlegging på bortimot 20.000 timar pr år ( heile 10 årsverk). Inkludert alt arbeid som vert lagt ned av oppmenn-/kvinner, foreldredugnader og alt det gode arbeidet som seniorgruppa i Jotun står for.
I år vart ein av våre engasjerte ildsjer, Ruth Laberg tildelt prisen Årets Årdøl for den store innsatsen som ho legg ned for idrettslaget og barn og unge i Årdal. Dette er og ein flott anerkjennelse av den innsatsen som vert lagt ned for idrettslaget av alle våre frivillige.
Me ynskjer å takka kvar og ein av dykk som jobbar frivillig kvar einaste dag i Jotun.

Med ynskje om ei god og fredfull Jul til alle !
Beste helsing
Arbeidsutvalet i IL Jotun v/ Arnt Stølen Moen