Alt er no klart for fylkets største idrettsarrangement, Sparebanken Sogn og Fjordane KM Innandørs for alderbestemte klassar, G/J 13-19 år.
I Årdalshallen vert det kampar både fredag, laurdag og søndag. Totalt 75 kampar skal avviklast, og 35 lag skal kjempe om plass i finalespelet som vert avvikla i Måløy.
Det vert enkel servering i hallen fredag. Laurdag og søndag vert det og servert varm mat for dei som ynskjer dette.
Kvalifiseringa går av stabelen heile 5 stader i fylket:
Årdalshallen teknisk arr: IL Jotun
Leikangerhallen teknisk arr: Syril IL
Askvollhallen teknisk arr: AHIL
Florø Idrettssenter teknisk arr: Florø SK
Nordfjordhallen teknisk arr: Skavøypoll IL
IL Jotun ynskjer alle besøkande lag hjartleg velkomne, og håpar på ei flott kvalifisering i god Fair-Play ånd!
Resultatservice får de ved å nytte KM Direkte linken i toppmenyen.