Jotun fotball vil i sesongen 2013 stille med 11ar lag i 3. divisjon damer.
Det er søkt fotballkretsen om eit samarbeidslag med ÅTIL, denne er no under handsaming. Det gjeld og eit 7ar lag, slik at alle skal få eit godt tilbod.
Sjølv om IL Jotun har drive med jentefotball sidan 1982, so er det fyrste gong ein stiller seniorlag damer.
Stammen i laget vert jenter frå 15-18 år, og vert ein erstatning for J15/16 lag i sesongen 2013.