Treningane har starta!
4. januar 2013
Sogndal-Jotun (1966)
5. januar 2013
Vis alt

Årdal United mot proffar frå England

wimbledon
Eit samansett lag med spelarar frå Jotun og Åtil møtte det engelske topplaget Wimbledon til kamp 26 juli 1994. Årdølene kjempa godt og kunne vera stolte over innsatsen mot engelske proffar sjølv om det stod 4-0 til gjestene ved pause. I andre halvleik skåra laga 1 mål kvar og andre halvleik enda uavgjort.

[embedplusvideo height=»365″ width=»450″ standard=»http://www.youtube.com/v/bZ3ss5TCd-A?fs=1&hd=1″ vars=»ytid=bZ3ss5TCd-A&width=450&height=365&start=&stop=&rs=w&hd=1&autoplay=1&react=0&chapters=&notes=» id=»ep5218″ /]
Årdal United – Wimbledon 1-5 (0-4)

0-1 Gary Castledine 15,
0-2 Vinnie Jones 30,
0-3 Sjølvmål 34,
0-4 Andy Clarke 38,
1-4 Phillip Mathisen 77,
1-5 Aden Newhouse 82,

Tilskodarar: 1100
Dommar: Tommy Skjerven
Gult kort: Vinnie Jones

Årdal United: Eivind Lundberg (Geir Nordnes frå 45), Phillip Mathisen, Svein Petter Strøm, Ørjan Hestetun (Kim Ossum frå 66), Bjørn Vidar Johansen (Andre Østvik frå 66), Ivan Øy, Geir Frode Rudi (Jon Valsvik frå 45), Odd Børge Nundal (Frode Fredheim frå 45), Morten Borlaug (Kristian Stray frå 66), Paul Ankar Holsæter (Ole Gunnar Hunderi frå 45), Frank Øyre.

Wimbledon: Hans Segers, Warren Barton, Gary Elkins, Vinnie Jones, John Scales, Scott Fitzgerald, Peter Fear, Gary Castledine, Dean Holdsworth, Andy Clarke, Marcus Gayle
Innbyttarar: Neil Sullivan, Roger Joseph, Neal Ardley, Gary Blisset, Aden Newhouse.

Det samansatte laget frå Årdal gav motstandaren god kamp, Svein Petter Strøm og Phillip Mathisen rydda unna ein god del i forsvaret og vann mange duellar. På midtbana herja Ivan Øy i kjent stil og overraska nok engelskmennene med sin innsats og iver.


Wimbledon stillte med sitt beste mannskap i denne kampen og startoppstillinga inneheldt mange kjente namn. Dei fleste kjenner nok igjen fleire av desse namna, Vinnie Jones, Dean Holdsworth, Neil Sullivan, Warren Barton, Marcus Gayle og John Scales.

I andre halvleik bytta dei ut fleire av dei etablerte spelarane og Årdølene kom meir inn i kampen. Det var i denne perioden at høgdepunktet for vertane kom. Det var spelt 77 minutt og Frank Øyre var på god veg igjennom Wimbledon sitt forsvar. Engelskmennene såg ingen annan utveg enn å fella Øyren og dommar Skjerven gav årdølene frispark frå omlag 18 meter. Phillip gjorde seg klar og lada kanona, med god rennefart klinte han ballen i mål bak Neil Sullivan, ei flott skåring og 1-4 i protokollen.

 

Etter dette vart nok spelarane frå aluminiumsbygda litt overmodige og i det 82 minutt fastsette Aden Newhouse sluttresultatet til 1-5.

 

Det var ikkje berre lokalpressa som synte interesse for Wimbledon sine bravadar i sognebygda. Dagbladet med hovudsete i Oslo hadde og innslag på sine sportsider sjølv om det helst var kveldsaktivitetane dei var opptekne av.

Her er nokre sitat frå Dagbladet:

Med stjernespilleren Vinnie Jones går det over stokk og stein

vinnieWimledons oppkjøring foran ligastarten 20 august er ikke for smågutter.
Hver kveld tar gutta bussen fra innkvarteringen i øl løse Årdalstangen til favorittpuben i Øvre Årdal, der de en kveld ble påspandert to øl hver – før Vinnie tok med seg resten av laget til neste vannhull. Der var imidlertid pubverten ikke like spandabel. Det førte til en slags misforståelse: En ubetalt regning på 70 halvlitere.

Den lokale reiselederen er fortvilet og forbannet. Det å vere reiseleder for denne ville gjengen er noe bortimot et mareritt.
Med Vinnie Jones på lead vocal har ‘The Crazy Gang’ holdt en god tone på opp til flere restauranter i Årdalstraktene. Det var etter en slik opptreden Vinnie tok bena fatt og gikk 13 km. Vel hjemme på hotellet ble han spurt om det ikke hadde vært i lengste laget. Nei, nei – det var bare et par tunneler så var jeg her svarte Vinnie.