Jotun sitt seniorlag i 6. divisjon serieopnar tysdag heime mot Balestrand 2. Det unge laget har hatt ein god treningsvinter, og ser lyst på den komande sesongen.
Laget består i hovudsak av spelarar frå 16-19 år, og er frå Øvre Årdal, Årdalstangen og Lærdal. Trenarar for laget er Johann Traustason og John Valsvik.
– Me har trent godt i heile vinter, og har dobla treningsmengden frå i fjor. Me har i år hatt meir fokus på fysisk trening enn i fjor, og mange av spelarane har hatt stor framgang seier trenar John Valsvik.
– Treningsoplpmøtet har vore upåklageleg, me har og fått med eit par veteranar som kan vere rollemodellar for dei unge. Truleg vert det endringar i spelarstallen til hausten, då ein del av ungdomane skal vidare på skule, legg Valsvik til.
Laget satsar på å bite godt frå oss i divisjonen, i fjor enda dei på ein flott 2. plass.
Laget er eit breiddetilbod som IL Jotun starta opp i 2012, og har som hovudmålsetjing å aktivisere ungdom som ynskjer å ha fotball som ein hobby.
Møt opp på Jotun Stadion tysdag 19:00, og støtt dei unge Jotunspelarane i seriestarten! Det vert som vanleg sal av kaffi og kaker på heimekampane.