Seriestart i 6. divisjon
29. april 2013
Knøtteturnering flytta til 2.juni
5. mai 2013
Vis alt

Poengdeling i serieopninga

Jotun sitt lag i 6. divisjon serieopna heime mot Balestrand 2 i kveld. Kampen enda 1-1 etter full tid, pauseresultatet var 0-0. Jotun dominerte kampen heilt til Bartek Cal fekk sitt 2. gule kort og måtte forlata bana. Målskårar for Jotun var spelande trenar Johann Traustason.

Det var Jotun som kom best i gang på Jotun Stadion kunstgras. Laget dominerte banespelet, men sleit med å komme til klare sjansar. Bartek Cal og Jørgen Eide dominerte på midten, og sette ofte kantane i gode innleggsposisjonar. Med litt mindre vind og litt meir presisjon burde laget ha skapt fleire målsjansar. Nærast skåring i fyrste omgang var Espen Wigdahl Huun, han sende avgårde eit langskot som small i stolpen bak ein utspelt Balestrandmålvakt.

2. omgangen starta på same måten, Jotun hadde ballen mest og skapte mest. Kampens største prestasjon stod Kim Hjønnevåg for, då han sette ballen i stolpen etter eit tigersprang.

Kim Hjønnevåg

Kim Hjønnevåg med eit tigersprang – diverre i stolpen og ut!

Det måtte eit straffespark til før nokon av laga fekk hol på byllen. Kim Hjønnevåg gjekk ned i feltet i duell med nokre Balestrandspelarar, dommaren peika resolutt på 11meteren til store protestar frå dei blåkledde. Johann Traustason var sikker frå merket, og 1-0 til heimelaget.

Målvakta sjanselaus på den sikre straffen frå Johann Traustason

Målvakta sjanselaus på den sikre straffen frå Johann Traustason

Like etterpå forserte ein aktiv Kim Hjønnevåg seg opp langs linja, innlegget sette Espen Wigdahl Huun like utanfor. Her burde det stått 2-0.

Bartek Cal var solid på midtbana til Jotun, men etter 2 gule kort var det slutt for dagen. Med ein mann mindre på bana siste kvarteret vart det tungt for unggutane, og Balestrand tok over banespelet. Like før slutt utlikna dei til 1-1, ein skåring som truleg burde ha vore annulert for ein soleklar offside. Nok ein gong vart det store protestar mot dommaravgjerda.

ACT_0668

Trenar John Valsvik

Trenar John Valsvik var til slutt nøgd med eit poeng.

– Me sleit med angrepsspelet, sjølv om me hadde god kontroll på banespelet. Likevel hadde me nok sjansar til å kunne avgjort dette i vår favør. Etter utvisinga fekk me problem, og difor skal me vera nøgd med at me redda eit poeng sier Valsvik.

-Innsatsen til gutane var upåklagleg, dei gjorde det dei kunne mot det me trur vert eit av topplaga i divisjonen avsluttar Valsvik.

Neste kamp for laget er borte mot Jølster 2 onsdag 8. mai.

Fleire bilete frå kampen:

Stolpeskot frå Espen Wigdahl Huun

Stolpeskot frå Espen Wigdahl Huun

 

Johann Traustason

Johann Traustason

 

Jørgen Eide

Jørgen Eide

Kim Hjønnevåg

Kim Hjønnevåg