Kampfordeling dommarar ut vårsesongen – oppdatert
25. mai 2013
Uavgjort mot Vik/Syril 2
28. mai 2013
Vis alt

Endeleg poeng for damelaget

I den tredje kampen i 3. divisjon plukka endeleg damelaget med seg poeng. Bortekampen mot Florø enda 1-1, resultatet til pause var 0-0. Jenny Hovland sette inn målet for Jotun/ÅTIL på straffe etter at Susanne Myrland vart lagt i bakken etter ein fin forsering på venstresida.

jenny_1-0

Fyrste omgang opna noko usikkert for Jotun/ÅTIL, Florø kom til eit par halvsjansar dei fyrste minuttane utan at Line Hagen vart sett på dei store prøvane i målet. Omgangen vart ein midtbanekrig med mange tøffe duellar ute på den flotte grasmatta i Florø. Florø var farlegast på faste situasjonar, dei hadde nokre frispark og kårnerar som vart presit servert av Helle Bang-Olsen.

I andre enden kom Jotun/ÅTIL og til nokre sjansar. Laget ropa på straffespark like før pause då Helene Vikøren vart lagt ned i feltet i god skåringsposisjon. Kampens gode dommar, Sjur Reisæter Haugen frå Dale IL vinka spelet vidare, her var nok Florø heldige som slapp unna straffespark.

I 2. omgang hadde Florø vinden i ryggen, og tok litt meir over banespelet. Det vart litt meir strekk i begge laga, noko som opna opp for fleire målsjansar til begge lag. Etter omlag 60 minuttar fekk Jotun/ÅTIL straffe, og Jenny Hovland var sikker frå 11meteren og sette ballen heilt nede i hjørna.

Utlikninga kom 12 minuttar før slutt, då Helle Bang-Olsen kom seg fri på venstresida og plasserte ballen utagbart oppe i nettaket. Kampen enda 1-1, eit resultat Jotun/ÅTIL er svært nøgd med etter ein tøff start på sesongen med 2 tap. Laget jobba knallhardt i 90 minuttar, det var spesielt tungt å spele på gras utan å ha trena på underlaget.

Neste kamp er søndag 2. juni 14:00, heime mot Eid.