Endeleg poeng for damelaget
27. mai 2013
Sterk bortesiger mot Balestrand
4. juni 2013
Vis alt

Uavgjort mot Vik/Syril 2

Med redusert mannskap gjekk turen i kveld til Leikanger og bortekamp mot samarbeidslaget Vik/Syril 2. Fleire forfall like før avreise gjorde at kun 12 spelarar vart med. Desse 12 gjorde ein fantastisk kamp og klarde å berge i land uavgjort. Keeper Espen Røneid spela mellom anna midtstoppar heile kampen!

Valsvik sine disiplar kom best i gang, og Bartek Cal sende dei raude og grøne i leiinga på eit velplassert frispark. Jotun hadde og eit skot i overliggaren. Vik/Syril 2 kom meir med i kampen etter kvart, også dei hadde fleire heddingar som råka aluminiumen. Midt i 2. omgang laut Adrian Berg kapitulere, og Vik/Syril 2 utlikna til 1-1.

10 minuttar før slutt fekk Vik/Syril 2 straffespark, men Berg redda nok ein gong eit skot frå 11metersmerket. Kampen enda til slutt 1-1, men vart diverre skjemma av eit par stygge episodar like før slutt, noko som førte til at Vik/Syril 2 avslutta kampen med 9 spelarar.

Trenar John Valsvik var svært nøgd etter kampen. – Spelarane jobba knallhardt i 90 minuttar, og med kun ein innbyttar vart det tungt mot slutten. Alle stod likevel på og redda heim et viktig poeng for laget seier Valsvik.

Jotun leiar framleis 6. divisjon med 11 poeng på 5 kampar, avstanden er på 4 poeng til neste lag.

Neste kamp for Jotun er 4. juni borte mot Balestrand 2.

tabellSkjermbilde

Klikk på biletet for komplett tabell