Uavgjort mot Vik/Syril 2
28. mai 2013
Poengtap etter sjansesløsing
11. juni 2013
Vis alt

Sterk bortesiger mot Balestrand

Sjur David Rio, her i aksjon mot Hafslo

Det opna ikkje spesielt bra på Kreklingen. Alt etter 2 minuttar var Balestrand i føringa mot eit purungt Jotunlag, som i dag måtte klare seg utan veteranane. Målet prega resten av omgangen, Balestrand var det førande laget og dei raude og grøne nytta tida til å sjå på.

Sjur David Rio, her i aksjon mot Hafslo

Sjur David Rio, her i aksjon mot Hafslo

Etter ein tordentale frå Valsvik og Traustason, so vakna Jotunspelarane frå dvalen. Det heile starta med at Lærdølen Sjur David Rio, tidlegare omtala som trenar Valsvik sitt beste kjøp (!), sette inn utlikninga etter flott spel. Bortelaget fortsette å pressa på, og kaptein Kevin Øy stilte inn kanona. Frå 30 meter dundra han ballen klin i krysset, ein klar kandidat til årets mål uansett divisjon. Jotun gav seg ikkje med dette, og like før slutt fastsette dagens Jotunspelar, Sjur David Rio, sluttresultatet til 3-1. Eit frispark vart slege inn i feltet, og Rio hedda ballen i mål via overliggaren.

Trenar John Valsvik var ein stolt mann etter kampen. – Dette er fyrste gongen unggutane har måtta klare seg utan ein veteran på bana. Dette prega dei nok litt i fyrste omgang. I andre omgang leverte dei årsbeste, noko som viser at det nyttar å bruke tid på treningsfeltet, seier Valsvik. Med 25 mann på treningane så er det kamp om plassane på laget, noko som gjer at alle mann yter maks for å få lov til å tre på seg den grøne drakta til kvar kamp. Dette ser me att i kampane avsluttar Valsvik.

Alle resultata er ikkje på plass enno, men Jotun har uansett tabelltopp med 4 poeng til neste laget.

P Lag S P
1 Jotun 6 14
2 Hafslo 6 10
3 Vik /Syril 2 5 7
4 Jølster 2 4 6
5 Balestrand 2 5 4
6 Sogndal 4 6 4

Neste kamp er heime mot Jølster 2 11. juni, kampen startar 19:00.