Sterk bortesiger mot Balestrand
4. juni 2013
G13/14 sonemeistrar i 9ar-fotball
19. juni 2013
Vis alt

Poengtap etter sjansesløsing

6. divisjonslaget til Jotun er framleis ubesigra etter 3-3 mot Jølster 2 i kveld. Heimelaget låg under 0-2 etter fyrste omgang, men kom tilbake og leia 3-2 heilt til siste speleminutt. Då utlikna Jølster på eit frispark.

Fyrste omgang var rett og slett tafatt frå heimelaget. Spelarane trilla ball mellom seg, innsatsen var laber og Jølster vann nesten alle duellar. Difor var det fortent at bortelaget gjekk til pause med leiing.

Andre omgang starta med eit stormløp mot Jølster-målet. Heimelaget viste ein heilt anna innsats og glød, og det var spelande trenar Johann Traustason som fyrst fekk utteljing. Eit flott innlegg frå høgrekanten hedda han i mål, nesten i sittande posisjon.

Johann heddar inn 1-2 reduseringa sittande

Johann heddar inn 1-2 reduseringa sittande

Heimelaget fortsette presset, og Sjur David Rio hadde fleire gode avslutningar som hadde fortent ei betre skjebne. Rio fekk tilslutt hol på byllen då han knalla inn utlikninga med ein flott volley frå 7 meter.

Flott volley frå Sjur David Rio og 2-2

Flott volley frå Sjur David Rio og 2-2

Jølster var kun på sporadiske besøk i Jotun-feltet, medan heimelaget fossa framover gong på gong. 10 minuttar før slutt gjekk heimelaget opp til 3-2 på ein hedding.

Stian Vee heddar inn 3-2

3-2

Jølster gambla mot slutten, og sende alle mann i angrep. På alle faste situasjonar var og målvakten med i feltet. På overtid fekk Jølster tildelt eit frispark på hjørna av 16-meteren. Med eit par mann for mykje i mur så vart det overtal av Jølsterspelarar i feltet. Dette utnytta dei godt, og fekk rota ballen i mål til 3-3.

Trenar John Valsvik var ikkje heilt nøgd etter kampen. – Fyrste omgang var rett og slett dårleg. Som i kampen mot Balestrand, so er me tafatte i fyrste omgang. Andre omgangen var strålande, og det var surt at Jølster utlikna på sin einaste sjanse. Me rulla over dei, og skapte mykje målsjansar seier Valsvik. – Litt bitter at me er unøyaktige framfor mål, spesielt var kårnerane dårlege i dag. Me er framleis ubesigra, noko me kan vera stolte av avsluttar Valsvik.

Neste kamp for Jotun er borte mot Sogndal 4 tysdag 18. juni. Dette er og siste vårkampen for laget som framleis toppar tabellen.