Poengtap etter sjansesløsing
11. juni 2013
Siger i siste kampen før ferien
19. juni 2013
Vis alt

G13/14 sonemeistrar i 9ar-fotball

Sonemeistrar 9ar fotball G13/14.

Sonemeisterskapet for G13/14 9ar vart avgjort i går, og det er svært gledleg at det var Jotun som trakk det lengste strået i tett duell med Sogndal/ÅTIL. Alle 3 laga stod likt før siste runde, og det var målskilnaden som til slutt avgjorde til Jotun sin fordel.

Før siste serierunde var det ÅTIL som leia serien, like etter låg Jotun og Sogndal. ÅTIL gjorde jobben sin og vann 8-4 heime mot Bjørn. Sogndal hadde tabelljumbo Syril, og vann med heile 37-2. For å ta heim tittelen måtte difor Jotun vinne med 27 mål (!) mot Hafslo. Gutane drog dette i land, og med 31-1 på bortebane vart tittelen sikra med 3 måls overvekt.

Vi gratulerer gutane med tittelen, no er det 1. divisjon og kamp om KM som gjeld frå hausten!

Laget mot Hafslo:

Sonemeistrar 9ar fotball G13/14.

Sonemeistrar 9ar fotball G13/14.tabellg1314