G13/14 sonemeistrar i 9ar-fotball
19. juni 2013
Dugnadsliste Målrock
4. juli 2013
Vis alt

Siger i siste kampen før ferien

Johann Traustason

Sogndal 4 var motstandar for serieleiar Jotun i siste kampen før sommarferien, kampen gjekk i Sogndal. Me siger var laget sikra tabelltopp, og dei unge Jotungutane skuffa ikkje. Etter 90 minuttar viste tavla 1-4 mot eit sterkt Sogndalslag.

Fyrste omgang var Sogndal sin, dei hadde det meste av spelet, men fekk ikkje utteljing. Jotun, som i førre kampen sløsa med sjansane, var i godluna i Sogndal. Alt etter 7 minuttar stod det 0-1. Sjur David Rio fekk eit flott gjennomspel, og han sette ballen sikkert i lengste hjørna. Spelande trenar Johann Traustason sytte for 0-2 då han med ein kjempehedding ekspederte ein flott kårner rett i noti. Servitør var Ole Gunnar Valsvik.

Sjur David Rio, her i aksjon mot Hafslo

Sjur David Rio, her i aksjon mot Hafslo

Etter å ha fått strekk i laget i fyrste omgang, so bestemte trenarduoen Traustason/Valsvik å legga seg litt djupare i bana. Eit meir kompakt Jotunlag fekk då betre kontroll på kampen. Sogndal skapte framleis nokre store sjansar, mellom anna vart dei hindra av stolpane to gonger. Kaptein Kevin Øy var den neste som teikna seg på skåringslista. Ein ny kårner, ein ny hedding og 0-3. Det var tydleg at kårnerøvinga på trening dagen før gav teljande resultat for laget som jagar opprykk.

0-4 var og av den vakre sorten. Johann Traustason forserte frå midtbana, og frå 25 meter knalla han ballen i krysset, og punkterte dermed kampen fullstendig. Sogndal fekk eit trøstemål like før slutt, og fastsette resultatet til 1-4.

Trenar John Valsvik var ein svært nøgd mann etter kampen. – Ein flott utført kamp av gutane, nok ein gong. Me er imponert over det dei har prestert denne vårsesongen. Mange av spelarane har hatt stor framgang, noko som og viser seg på tabellen. Ubesigra med 18 poeng er meir enn me kunne forventa, sier Valsvik.

– No tek me ein velfortent serie, og vil nytte høvet til å takke dei som no gjev seg i Jotun grunna jobb og skule utanbygds. Klubben har no eit tilbod frå knøttar til senior, og alle får eit tilbod tilpassa sitt nivå avsluttar Valsvik.

Laget toppar no tabellen med 18 poeng. Hafslo følgjer deretter med 16, dei har ein kamp som ikkje er registrert inn i systemet.

Fullstendig tabell finn de her