Mange kampar i dag
3. september 2013
Smell mot Jølster
10. september 2013
Vis alt

Jotun-Balestrand 2 5-0 (2-0)

Jotun fortset sigersmarsjen i 6. divisjon, og med solide 5-0 mot Balestrand 2 er laget framleis ubesigra etter 11 serierundar.

Heimelaget tok kontrollen frå start, og det var aldri nokon tvil om kor poenga skulle enda opp.

Fyrste 20 minuttane var det berre eit lag på bana. Heimelaget dominerte stort, dei spela ball med Balestrendingane jagande etter.

Fyrste målet kom etter eit mønsterangrep. Ein flott krossar landa på venstre kanten, og debutant Fredrik Sørli forserte til linja og la inn. Espen Wigdahl Huun var på rett plass, og han breisida ballen sikkert i mål.

1-0 Espen W. Huun

1-0 Espen W. Huun

Like etterpå var det Fredrik Sørli sin tur. Ein ny flott ball i bakrom, og Sørli stakk frå forsvaret og plasserte ballen sikkert i mål bak målvakten til Balestrand.

2-0 Fredrik Sørli

2-0 Fredrik Sørli

Etter skåringen dabba det litt av, og resultatet stod seg til pause.

I 2. omgang fortsette heimelaget å dominera. 3-0 var det Kim Hjønnevåg som sytte for. Stian Vee gjorde alt førearbeidet, og serverte Hjønnevåg på eit gullfat. Han sette ballen kontant forbi målvakta, og kampen var i realiteten avgjort.

Det unge heimelaget gav seg ikkje med dette, og høgreback Sondre Haug sende av gårde eit innlegg av høg kvalitet som Espen Wigdahl Huun stussa flott i mål. Strålande angrepsfotball i dette tilfellet.

Punktum sette Fabian Labarca då han like før slutt kontrollerte ballen i krysset frå omlag 10 meter.

Det kunne lett ha vorte fleire skåringar, mellom anna var Oskar Hestetun åleine med målvakta, men diverre enda avslutningen like utanfor.

Trenar John Valsvik var ein nøgd herremann etter kampen.

– Årets største seier, med årets yngste lag! Me spela strålande fotball, og sigeren kunne godt ha vore større om me hadde vore meir nøyaktige framfor mål. Me er godt nøgde, og har no fått ei solid luke i kampen om opprykk avsluttar Valsvik.

Etter at 11. runde er avslutta har Jotun no 27 poeng. Vik/Syril 2 og Hafslo står begge med 19. Det vil seie ei luke på 8 poeng med 12 poeng å spele om.

Det luktar opprykk lang veg for dei raude og grøne!

Tabell etter 11 rundar

Tabell etter 11 rundar

Kim med stor sjanse

Kim med stor sjanse

 

Fredrik feirar skåring

Fredrik feirar skåring