Jotun-Balestrand 2 5-0 (2-0)
3. september 2013
Jotun sine knøttar set fokus på merketaking.
16. september 2013
Vis alt

Smell mot Jølster

Sesongen fyrste tap i 6. divisjon kom i kveld då Jølster vart for sterke. Heile 5-1 vart sluttresultatet, Jotun sitt mål vart skåra av Fredrik Sørli.

Kampen vart i realiteten avgjort fyrste 20 minuttane, Jølster skåra 3 mål utan at dei raude og grøne klarte å kvittera.

Trenar John Valsvik var skuffa etter tapet. -Me fekk ein dårleg start, og klarte ikkje å hente oss inn igjen. Jølster stilte med eit godt mannskap, der spesielt midtbana hadde god kontroll seier Valsvik.

-Me skal reise oss til neste kamp mot Sogndal, og håpar unggutane har teke lærdom av denne kampen avsluttar Valsvik.

Neste kamp er 17. september kl. 19:00 på krøllgraset Jotun Stadion. Motstandar er som tidlegare nemnt, Sogndal 4.