Jotun sine knøttar set fokus på merketaking.
16. september 2013
8 spelarar nominert til bylag Sogn!
26. september 2013
Vis alt

Storsiger og opprykk!

Lagbilete frå heimekampen mot Hafslo 21.05.2013

Med 10-1 mot Hafslo sikra Jotun sitt 6. divisjonslag seg opprykk til 5. divisjon neste år i og med at Vik/Syril 2 tapte mot Sogndal 4.

Jotun dominerte frå start mot eit Hafslo-lag som kun stilte med 10 spelarar. Pauseresultatet var 4-0 etter skåringar av Kjartan Furebotn, Fredrik Sørli, Jørgen Midtun og Andreas Hestetun.

2. omgangen fortsette med eit massivt Jotun-press mot eit Hafslo-lag som sleit med trøtte bein etter å ha jaga ballen mykje dei fyrste 45 minuttane.

Stian Vee, Jørgen Midtun, Martin Moen, Fredrik Sørli, Kjartan Furebotn og til slutt Sjur David Rio skåra måla. Midt inni dette reduserte Hafslo til 8-1.

Hafslo, med 10 mann i 90 minuttar, skal ha ros for den innsatsen dei la ned i kampen. Dei jobba hardt til siste slutt.

Trenar Johann Traustason var svært nøgd etter kampen.

– Eg er nøgd med måten dei gjennomførde kampen på. Laget spela fin fotball og datt ikkje nedpå sjølv om me leia med mange mål. Totalt sett ein flott kamp og eit velfortent opprykk for unggutane seier Traustason.

Jotun-fotball.no vil og gratulerer alle involverte med eit fortent opprykk!

 

Sjur David Rio, 19 år i dag, sette inn siste målet i kampen

[embedplusvideo height=»255″ width=»450″ editlink=»http://bit.ly/1bE3cJo» standard=»http://www.youtube.com/v/fJxstXiNzRo?fs=1&hd=1″ vars=»ytid=fJxstXiNzRo&width=450&height=255&start=&stop=&rs=w&hd=1&autoplay=0&react=0&chapters=&notes=» id=»ep6361″ /]