Storsiger og opprykk!
24. september 2013
Gratulerer med opprykk!
30. september 2013
Vis alt

8 spelarar nominert til bylag Sogn!

Heile 8 spelarar frå Jotun er aktuelle for dette, jamnt fordelt med 4 gutar og 4 jenter!

I utgangspunktet er bylaga i år berekna for dei som er fødde i 2000. Nytt i år er at det og vert teke høgde for relativ alderseffekt. Statistikkane til NFF viser at det er overvekt av spelarar fødde fyrste halvår på krets- og landslag. Det betyr at det på bylaga denne hausten og vert teke med spelarar fødde seint på året i 1999.

Følgjande jenter er nominerte:
Martine Øyre (1999)
Ida Holsæter (2000)
Ine Myrland (2000)
Ingrid Øvstetun (2000)

Følgjande gutar er uttekne i bruttotroppen:
Nicolai Laberg (2000)
Tobias Klepp (2000)
Eirik Foss Bolstad (1999)
Eirik Gjerde Stølen (1999)

Desse spelarane skal gjennom fleire samlingar samt 3 turneringar i løpet av denne hausten.

IL Jotun ynskjer spelarane lukke til!