Oppstart høstsesong 2003/2004
28. juli 2014
Dag 3 – Norway Cup
29. juli 2014
Vis alt

Dag 2 – Norway Cup

Det var ein ny god dag for laga frå Årdal i dag. Nok ein gong vart det 2 sigrar og eit tap.

ÅTIL/Jotun J15/16 spela i kveld mot Valle. Valle vann fyrste kampen, og leiar serien suverent heime i Telemark. Dette skremde tydlegvis ikkje jentene frå ÅTIL/Jotun, sjølv om dei vart pressa litt i starten av kampen.

Etter 19 minuttar, etter 1 minutt på bana, skåra Susanne Myrland med ein «Knallavslutning rett i kassa», ifølgje referent Frank Øyre som refererte kampen på Facebook. 6 minuttar seinare var det klart for 2-0. Ein kårner frå Martine Låksrud Øyre gjekk inn til målvakta til Valle. Ho glapp ballen, og Frida Tryti Hunshammer var påpasseleg framme og sette ballen sikkert i mål.

Etter dette tok Valle litt over igjen, men utan at Emma Jevnaker i ÅTIL/Jotun målet var skikkeleg trua.

Etter 39 minuttar punkterte Frida Tryti Hunshammer kampen med sitt 2. mål for dagen. Eit langt innkast frå Martine Låksrud Øyre var dempa i feltet, og med ein flott vending og påfølgjande avslutning nede i hjørna var 3-0 eit faktum.

Etter dette gav jentene frå Valle meir eller mindre opp, og ÅTIL/Jotun kunne sikre inn til puljeleiing og ein god sjanse til å nå A-sluttspel. Med uavgjort eller tap på 3 mål eller mindre er A-sluttspelet sikra. I morgon står Rennebu på andre sida av bana, kampen går 20:15 på Ekeberg bane 11.

Glade jenter etter nok ein siger

Glade jenter etter nok ein siger. Foto: Katrine C. Fredheim

Trenar Oddgeir Dvergedal vart plutseleg blaut etter kampen!

Trenar Oddgeir Dvergedal vart plutseleg blaut etter kampen! Foto: Katrine C. Fredheim

Målsjanse mot Valle

Målsjanse mot Valle. Foto: Katrine C. Fredheim

Jotun sitt G14 lag valsa over Sunndal 2. Heile 17-0 vart sluttresultatet. Målskårarar var Joachim Furset (5), Eirik Lereng (3),  Elias Mittet (3), Jakob Hovland (2), Sivert Mannsverk (2), Sondre Stadheim (1) og 1 sjølvmål.

Frå oppvarminga før kampen mot Sunndal 2. Foto: Annbjørg D Lereng

Frå oppvarminga før kampen mot Sunndal 2. Foto: Annbjørg D Lereng

ÅTIL/Jotun G15/16 møtte svært tøff motstand i Raufoss sitt fyrstelag. Etter fyrste omgang låg dei under 0-4. Ein kjempeinnsats i 2. omgang sytte for siger i denne etter skåring av Marius Loftheim, og sluttresultatet vart då 1-4 til slutt. Ronny Rinde melder om stor innsats frå samtlege spelarar, og ikkje minst ei trivleg tid utanfor bana der både J-19 EM finalen og Kjetil Rekdal fekk besøk frå gutane i går.

Marius Loftheim skåra -14 målet mot Raufoss. Foto Siw Ødegård Seglem

Marius Loftheim skåra -14 målet mot Raufoss. Foto Siw Ødegård Seglem