Dag 2 – Norway Cup
28. juli 2014
Bråstopp i A, storspel i B
30. juli 2014
Vis alt

Dag 3 – Norway Cup

ÅTIL/Jotun sitt gutelag kom i eit tøff pulje i Norway Cup, men har i periodar vore på høgde med motstandarane. Hard jobbing og god laginnsats har gjeve gutane positive opplevingar trass 3 tap. I dag var det Ready som var motstandar, eit lag som måtte vinne med 3 mål for å kome til A-sluttspelet. Ready var nok det førande laget, men innlånte Simen Solbakken Skjerven (Kaupanger) stod nok ein god kamp i målet for ÅTIL/Jotun og redda det meste. 2 gonger måtte han gje tapt i fyrste omgang, 0-2 til pause. Som i kampen mot Raufoss, heva det unge ÅTIL/Jotun laget seg i 2. omgang. 2 100% sjansar burde ha gjeve utteljing, men diverre var det ikkje skåring på nokon av desse sjansane. Skåra gjorde heller ikkje Ready, noko som gav resultatet 0-2 og B-sluttspel på begge laga.

ÅTIL/Jotun G15/16. Foto: Vibeke Rinde

ÅTIL/Jotun G15/16. Foto: Vibeke Rinde

Gutelaget bur på ein skule like ved Ekebergsletta, noko som trenar Ronny Rinde tykker er svært positivt. – Ved å bu på skule vert spelarane mykje meir sosiale, både med lagkameratane og med andre spelarar som bur på skulen. Dei får med seg alt som skjer på Ekebergsletta, det gjeld både konsertar og andre kampar som dei har lyst å sjå. I kveld skal me og på kampen Vålerenga-Stabæk, men alt kl. 08:00 i morgon tidleg står fyrste kampen i B-sluttspelet for tur, fortel Ronny.

Foto: Vibeke Rinde

Foto: Vibeke Rinde

Ronny legg og til at kampen i dag mot Ready vart litt spesiell, då laget frå Årdal fekk både jentelaget til ÅTIL/Jotun samt gutelaget til Sunndal som heiagjeng. Det var stor stemning på sidelinja, noko gutane sette stor pris på!

Jentelage som heiagjeng! Foto: Vibeke Rinde

Jentelage som heiagjeng! Foto: Vibeke Rinde

Stor målsjanse! Foto: Vibeke Rinde

Stor målsjanse! Foto: Vibeke Rinde

Foto: Vibeke Rinde

Foto: Vibeke Rinde

Full fart! Foto: Vibeke Rinde

Full fart! Foto: Vibeke Rinde

Jotun sitt G14 lag fortset storspelet i Norway Cup. 10-0 vart resultatet i dag, og målskårarar var Jakob Hovland (3), Joachim Furset (2), Sivert Mannsverk (2), Elias Mittet, Simen Mannsverk og Eirik Lereng eit mål kvar.

 

Jentelaget sikra seg puljesiger og direkteveg til 1/16 delsfinalen ved å slå Rennebu 3-1. Rennebu opna best og tok leiinga 0-1 etter 9 minuttar. ÅTIL/Jotun svara sporenstreks, Olaug Marie Aalen sette inn utlikninga etter flott førearbeid frå Kristin Dvergedal. Minutte etterpå tok ÅTIL/Jotun leiinga. Susanne Myrland plukka opp ein retur, etter god jobbing frå Marte Hestetun, og knalla den sikkert i hjørnet. 2-1 var og pauseresultatet.

I 2. omgang roa kampen seg litt, og jentene frå Årdal hadde full kontroll. Etter 42 minuttar fastsette Marte Hestetun sluttresultatet til 3-1. Kun godt målvaktsspel frå Rennebu sin sisteskanse hindra fleire baklengs for laget frå Trøndelag.

Det betyr at neste kamp for jentelaget er 18:25 i morgon ettermiddag. Dei skal der møte vinnaren av kampen Spjelkavik-Langanen, ein kamp som går 11:45 på Valle Hovin 5. Me reknar med at laget har spionar til stade på denne kampen.

ÅTIL/Jotun-Rennebu. Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu.
Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu. Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu.
Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu. Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu.
Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu. Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu.
Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu. Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu.
Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu. Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu.
Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu. Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu.
Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu. Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu.
Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu. Foto: Katrine C. Fredheim

ÅTIL/Jotun-Rennebu.
Foto: Katrine C. Fredheim

Jotun-fotball.no gratulerer alle laga med ein strålande innsats i gruppespelet. 2 lag i A-sluttspel og 1 i B-sluttspel er svært bra!