G2005 deltek på Bendit Cup
5. september 2014
Ny siger til damelaget
5. september 2014
Vis alt

Fleire på kretslaget!

Gutar og jenter fødde i 2001 har frå tidleg i vinter vore gjennom kretsen sine tiltak. Det starta med fotballskular i vinter, deretter var det turnering mellom fotballskulane i mars.

Ut frå desse tiltaka vart det teke ut sonelag, som no til slutt er desse skrella ned til kretslag. Uttaka er ikkje låst og endeleg, det kan verte endringar etter neste runde med soneturneringar melder SFFK i e-posten som låg ved uttaket.

Frå IL Jotun er det 4 spelarar som er uttekne, 3 gutar og 1 jente.

Gutar:
Eirik Lereng
Åsmund Kjellson Nesse
Jørgen Natvik (kom frå Lærdal no i haust)

Åsmund og Eirik klare for kretslaget

Åsmund og Eirik klare for kretslaget

Jenter:
Sara Hollevik Brandsdal

Sara i fint driv

Sara i fint driv

IL Jotun gratulerer dei uttekne, og vonar at me etter neste soneturnering kan gratulere enno fleire med uttak!

Komplett uttak finn de her