Fleire på kretslaget!
5. september 2014
13 heimekampar denne veka!
8. september 2014
Vis alt

Ny siger til damelaget

Jotun/ÅTIL sitt damelag tok i kveld turen til Lærdal for kamp i 4. divisjon 7ar. Kampane mellom desse laga har vanlegvis vore jamne, men i dag var Jotun/ÅTIL eit par hakk betre.

Heilt frå start tok Jotun/ÅTIL kommandoen, og etter 6 minuttar sat den fyrste ballen i mål. Sigrid Rio sette opp Susanne Myrland som skåra sikkert. Birgitte Fossheim Dokken og Olaug Marie Aalen auka til 3-0, som og var pauseresultatet.

Lærdal fekk ein tidleg redusering ved Elin Bjørkum i 2. omgang, men etter dette var det strake vegen mot mål for Jotun/ÅTIL.

4-1 kom ved Birgitte Fossheim Dokken, 5-1 ved Susanne Myrland, 6-1 ved Jenny Hovland og til slutt 7-1 ved Susanne Myrland.

Neste kamp for Jotun/ÅTIL er heime mot Sogndal 11. september. Kampen går på grøllgraset i Øvre Årdal 19:00.

Kampfakta:
1-0, 6 min. Susanne Myrland
2-0, 20 min. Birgitte Fossheim Dokken
3-0, 36 min. Olaug Marie Aalen
3-1, 57 min. Elin Bjørkum
4-1, 64 min. Birgitte Fossheim Dokken
5-1, 77 min. Susanne Myrland
6-1, 82 min. Jenny Hovland
7-1, 89 min. Susanne Myrland