Gåve frå Veterancupen
21. oktober 2014
KM-vinnar!
25. oktober 2014
Vis alt

Siger 3-2 i avgjerande kamp

Småjentene vann 3-2 i den avgjerande kampen mot Bjørn i kveld. Kampen var skjemma av ein alt for sterk vind, men etter 70 minuttar var det dei raude og grøne som kunne jubla etter å ha kapra avdelinggsigeren.

Jotun kom best i gang, og midt i fyrste omgang var Mari Bjørk frampå og sette ballen knallhardt i mål via målvakten til Bjørn. Jotun hadde det meste av spelet i motvinden, medan Bjørn stort sett slo langt. Like før pause fekk Bjørn kårner, denne vart pirka i mål etter retur i feltet.

I 2. omgang kom Bjørn best i gang, og tok leiinga 2-1 tidleg i omgangen. Etter dette tok Jotun meir og meir over, men utan å skape dei store sjansane. Trenarane flytta fleire jenter fram på bana, noko som til slutt gav utteljing. Nok ein gong var Mari Bjørk på rett stad til rett tid, ho fekk tåa ballen i mål frå kort hald.

Jotun fortsatte i same stilen, og 5 minuttar før slutt vart kampen avgjort. Ine Myrland fekk kjempetreff frå langt hald og sette ballen nede i hjørna bak målvakten til Bjørn. På slutten vart det hektisk begge vegar, og begge lag slo langt i vindkasta på Tennegranden.

Alt i alt ein fortent siger til heimelaget, men all ære til Bjørn som kjempa til siste slutt.

Det var ellevill jubel blandt både spelarar, trenarar og publikum når sluttsignalet gjekk. Ein god sesong vart krona med siger i 2. divisjon 9ar!

Tabellen finn de her

Glade Jotunjenter!

Glade Jotunjenter!

Engasjerte trenarar på begge laga!

Engasjerte trenarar på begge laga!