Siger 3-2 i avgjerande kamp
21. oktober 2014
5. divisjon for herrelaget
29. oktober 2014
Vis alt

KM-vinnar!

Småguttelaget gjorde jobben mot Gaular! 8-1 vart sluttresultatet, og med 13-4 mot Eid i fyrste kampen kunne pokalen hevast i miniserien mellom avdelingsvinnarane.

Kampen i dag var jamn dei fyrste minuttane, men Jotun tok meir og meir over. Fyrst etter 14 minuttar fekk Jotun hol på byllen, og det var Eirik Lereng som sette inn 1-0. 7 minuttar seinare auka Sivert Mannsverk til 2-0, noko som og var pauseresultatet.

Utover i 2. omgang fortsatte heimelaget å skåre, medan Gaular kun reduserte ein gong. Når dommaren bles for full tid var resultatet heile 8-1 til Jotun.

Kampfakta:
1-0 14 min Eirik Lereng
2-0 21 min Sivert Mannsverk
3-0 43 min Sivert Mannsverk
4-0 47 min Eirik Lereng
4-1 52 min Gaular
5-1 54 min Simen Mannsverk
6-1 62 min Simen Mannsverk
7-1 64 min Simen Mannsverk
8-1 70 min Tøger Rønningen

IL Jotun fotball gratulerer med dette småguttelaget som kretsmester!