Skåringar for Jotunjenter
1. november 2014
Resultat fra fyrste runde i vinterserien for junior 2015 (Årdal/Jotun/ÅTIL)
1. desember 2014
Vis alt

Klart for vinterserie

Vinterserien for junior menn vert i år avvikla som 2 helgaturneringar. I år har ÅFK, Jotun og ÅTIL felleslag, desse skal i elden alt søndag 30. november.

Oppmøtet på treningane har vore stort, sist trening var heile 22 spelarar med på økta. Laget vert leia av ÅFK, og det er Ivan Øy som er hovudtrenar for desse.

Kampane i vinterserien vert spela over 2×20 minuttar, her er kampane i fyrste turneringshelg som vert avvikla i Sognahallen for laget frå Årdal:
10:00 Årdal-Sogndal 1
13:20 TMFK-Årdal
17:30 Årdal-Stryn

Jotun-fotball.no ynskjer laget lukke til i turneringa, og me kjem tilbake med resultat frå fyrste helga når kampane er spela.

Meir info finn de på kretsen sine sider