Klart for vinterserie
28. november 2014
KM Futsal
5. desember 2014
Vis alt

Resultat fra fyrste runde i vinterserien for junior 2015 (Årdal/Jotun/ÅTIL)

Samarbeidslaget Årdal/Jotun/ÅTIL deltok søndag i fyrste turneringsrunde i vinterserien 2015. Laget vart ledet av Ivan Øy, Frank Øyre og Ørjan Loftheim og kampane vart avvikla i Sognahallen.
Åtte lag fra Sogn og Fjordane deltok, der Årdal spelte i pulje med Sogndal, Tornado/Måløy og Stryn.
Kampane startet kl.10.00 og gjekk utover heile dagen til kveld.

Årdal møtte Sogndal 1 i sin første kamp og det vart ein tøff kamp. Resultatet  vart 1-3, der Anders Lereng reduserte med eit flott mål like før slutt.

Deretter følgte laget opp med sterk siger mot Torando/Måløy.
Marius Loftheim scora seiersmålet med eit flott langskudd i fyrste omgang.

Siste kamp mot eit sterkt Styn lag endte 0-0. Heile laget jobba kollektivt godt, men spesielt forsvarsrekka spela ein solid kamp. Det var også store sjansar som kunne ha enda med scoringar.

Ifølge hovudtrenar Ivan Øy hadde gutane det veldig kjekt og laget viste ei stigande form utover dagen. Spesielt moro er det når me spelar jamnt  med dei beste laga i fylke med spelara fra eiga bygd. Dette er ei flott turneringsform der fleire kampar vert avvikla same dag.

Neste runde går i Nordfjordeid søndag 11.januar.

Tabell

Sogndal 1  3   2-1-0       8-3        7
Stryn     3       1-2-0       5-1         5
Årdal     3       1-1-1       2-3         4
TMFK     3    0-0-3       1-9         0

 

Fleire bilete kjem.

– Roger Barsnes –