KM-sluttspel
20. februar 2015
J14 sikra ny pokal!
9. mars 2015
Vis alt

Strålande KM-dag!

I dag har 3 Jotun-lag vore i aksjon. Det resulterte i ein KM-vinnar, tredje- og fjerdeplass.

Vinnar av klasse G13 vart Jotun. Laget var suverene i innleiande rundar, før Høyang vart ei lei nøtt i kvartfinalen. Det enda med ein superdramatisk straffekonk, der resultatet til slutt vart 11-10 til Jotun. I semifinalen vart Skavøypoll eit nummer for små, og i finalen var Sandane motstandar. Ein jamn kamp enda 1-1, det betydde ekstraomgangar. I ekstraomgangen putta Jotun på 2 gonger, og finalesigeren var i boks. Flott innsats frå dei unge 12 og 13 åringane.

I J15 starta det med eit tap for Syril, men etter å ha besigra Førde og Tambarskjelvar so var laget puljevinnarar og klare for semifinale. I semifinalen var laget klart best, men Eid sin gode målvakt redda dei gule frå Nordfjord. Det stod uavgjort etter ordinær tid, det same etter ekstraomgangar. I straffekonken vann Eid 3-2 og gjekk til finale. I bronsefinalen mot Bjørn gjorde laget og ein fin figur, men nok ein gong rauk laget på straffar.

1-_ACT6067

G15 tok seg og til semifinale, og etter ein dramatisk 2-2 kamp mot Loen vart det diverre tap på straffar. I bronsefinalen vann laget 2-0 over Florø 1 etter skåringar av Jakob og Jørgen.

G15

I morgon skal J 14, G14, G16 og J19 i aksjon.