Strålande KM-dag!
7. mars 2015
Snudde 0-3 til 7-3 i seriestarten
17. april 2015
Vis alt

J14 sikra ny pokal!

Det måtte straffekonk til for å kåra ein vinnar i bronsefinalen J14, i kampen mellom Jotun og Sogndal. Etter 2 straffar var stillinga 2-2. Målvakt Marte Øygarden varta opp med ein flott redning, og gjekk sjølv fram for å skyte Jotun sin siste. Den havna i nettmaskene, og jentene kunne då sleppe jubelen laus etter ein velfortent tredjeplass!

G14 kom seg og vidare til sluttspel, men rauk i kvartfinalen mot Førde. G15 rauk ut i grunnspelet, medan J19 vart nr. 4 i sin klasse.

Alt i alt ei flott helg på Sandane, med sigeren til G13 som høgdepunktet. Bronsen til G15 og J14, og fjerdeplassar til J15 og J19 viser at det gror godt i Årdalsfotballen.

Ein stor gratulasjon går og til ÅFK sitt juniorlag som gjekk ubesigra gjennom turneringa og forsvara sigeren frå i fjor!