J14 sikra ny pokal!
9. mars 2015
Jotun/ÅTIL-Hafslo 7-3 (4-1)
25. april 2015
Vis alt

Snudde 0-3 til 7-3 i seriestarten

Det var nokre nervøse gutar som entra Cuba kunstgras i dag, for å møta ÅTIL i seriestarten i 7/9ar serien. Nokre av spelarane har ikkje spela organisert fotball på 3-4 år, men når rusten forsvann gjekk alt so mykje betre.

ÅTIL kom best i gang, og alt før fyrste kaffikoppen var testa stod det 1-0 på tavla. Eit frispark vart ekspedert via nokre Jotunbein og inn i nettmaskene. Like etterpå auka ÅTIL til 2-0 etter ein flott enkeltprestasjon. Emil Hillestad limte ballen i krysset, dagens mål på Cuba! Vondt skulle bli verre, ÅTIL sette inn nok eit mål før kvarteret var passert og auka til 3-0. Jotun var med i kampen i denne perioden og, men det vart litt halvhjerta og tafatt.

Erik Steinegger ville gjera noko med detta, og med 2 kjappe reduseringar før pause kunne spelarane kvile til resultatet 3-2.

Pausen vart nytta godt, for omtrent rett frå avspark kom utlikninga. Ei fin opprulling på kanten enda i eit ÅTIL kne, ballen fauk i mål utan at ein god ÅTIL målvakt Oscar Skjerping kunne gjera noko med det. Etter kvart fann Jotun roen, og utover omgangen hadde laget god kontroll. Det rann inn med mål, og dei som skåra var Stian Larsen (2), Erik Steinegger (sitt 3dje) og til slutt Håkon Haglund.

Flott innsats av samtlege, neste gong er det andre som får sjansen, her skal alle på bana!

God dommar var Geir Kjetil Øvstetun, han leia kampen på ein framifrå måte.