Snudde 0-3 til 7-3 i seriestarten
17. april 2015
G15/16: Jotun-Sogndal 2-5 (0-1)
25. april 2015
Vis alt

Jotun/ÅTIL-Hafslo 7-3 (4-1)

Damelaget fekk ein flott start på sesongen heime mot Hafslo. Heile 7-3 vart sluttresultatet, pauseresultatet var 4-1.

Kampen opna i høgt tempo, og det var Jotun/ÅTIL som var det førande laget. Fyrste målet kom etter 14 minuttar då Jenny Hovland assisterte Kristin Dvergedal som trilla ballen til side for målvakten til Hafslo. Etter målet jamna kampen seg ut, men Hafslo klarte ikkje å skape so mykje framfor Marie V. Wigum i Jotun/ÅTIL målet.

Etter 35 minuttar auka heimelaget til 2-0. Jenny Hovland sette ballen i mål etter flott assist frå Ida Jevnaker. Minutte etterpå var det Hafslo som sette ballen i mål. Ein kårner havna i tverrliggaren, og returen sette gode Sara Kvam kontant i nettet. Rett frå avspark skåra Jotun/ÅTIL nok ein gong. Denne gongen var det Birgitte Fossheim Dokken som var sist på ballen.

Like før pause fekk debutant Synne Haug og nettkjenning. Servert av Vanja Thomassen Øren sette ho ballen i stolpen, returen ekspederte ho sjølv i mål.

Hafslo gira opp litt i starten av 2. omgang, noko som resulterte i nok ein redusering. Også denne gongen var det ein kårner som gav teljande resultat, og igjen var det Sara Kvam som var sist på ballen.

Jotun/ÅTIL fortsette å pressa på, og etter 65 minuttar var Jenny Hovland frampå igjen, godt servert av nok ein debutant, Ine Myrland. Like etterpå havna eit langskot frå Hafslo i nettet, etter at det traff ein Jotun/ÅTIL spelar i planeten og utmanøvrerte Marie V. Wigum i buret.

6-3 vart det då Birgitte Fossheim Dokken, i kjent stil, dribla av halve Hafslo og sette ballen i mål frå spiss vinkel. 5 minuttar før slutt kom dagens skåring på krøllgraset i Øvre. Kristin Dvergedal fekk ballen på omlag 15 meter, såg opp, og sende avgårde ei kanonkula i lengste kryss. Utagbart for målvakten, og rett og slett vakkert for alle som såg på!

Det betyr 3 poeng i seriestarten, etter mykje flott spel og ein enorm innsats frå samtlege spelarar. Ekstra moro debutanten Synne Haug skåra, og at Ine Myrland var solid bak.

Hafslo var ikkje noko dårleg lag, og spesielt Sara Kvam og Marte Skjerven imponerte.

Kampfakta:
1-0, Kristin Dvergedal
2-0, Jenny Hovland
2-1, Sara Kvam
3-1, Birgitte Fossheim Dokken
4-1, Synne Haug
4-2, Sara Kvam
5-2, Jenny Hovland
5-3, Sjølvmål
6-3, Birgitte Fossheim Dokken
7-3, Kristin Dvergedal