Jotun/ÅTIL-Hafslo 7-3 (4-1)
25. april 2015
Dommaroppsett vår 2015
26. april 2015
Vis alt

G15/16: Jotun-Sogndal 2-5 (0-1)

Fotball kan vera moro, sjølv om ein tapar. I går spela gutelaget til Jotun sin fyrste 9ar kamp, og motstandar var Sogndal.

1. omgangen var jamn, og det var Sogndal som skåra det fyrste målet. Ei opprulling på høgresida vart ekspedert i mål frå kort hald.

Jotun hadde og fleire store sjansar i omgangen, og burde absolutt ha fått utteljing før kvilen. Spesielt Sondre Andre Teigen og Stian Larsen var friske framover, men mål vart det diverre ikkje.

2. omgang starta med ei spektakulær skåring. Sondre Andre Teigen såg at målvakta til Sogndal stod langt ute, og frå eigen banehalvdel løfta han ballen i mål på ekte Beckham-vis. Utover omgangen heldt heimelaget godt følgje med Sogndal, men når Sogndal fyrst gjekk opp i leiinga so datt laget diverre litt saman.

Erik Steinegger hadde likevel ikkje lyst å gje seg heilt. Han ekspederte eit frispark elegant over muren, via tverrliggaren, og inn i nettmaskene.

Kampen enda 2-6, men gutane var likevel nøgde med prestasjonane. Dei fleste spelarane som er på dette laget gav seg med fotball for 3-4 år sidan. Gjennom eit prosjekt som starta i desember i fjor med fotballmoro i gymsalen på Farnes skule, har IL Jotun no 25 ivrige gutespelarar som er med fordi det er moro, og fordi aktiviteten er lagt opp etter deira premissar.

Jotun nytta 14 spelarar i kampen, og alle fekk godt med speletid.

Ørjan

Ørjan

Konsentrerte gutar

Konsentrerte gutar

Stor sjanse for Sondre

Stor sjanse for Sondre