Trening knøtt – baneoversikt
6. mai 2015
FLOTT FAIR PLAY KAMP PÅ HAFSLO!
21. mai 2015
Vis alt

Sterk bortesiger til Jotun/ÅTIL!

Jotun/ÅTIL sitt damelag tok i dag turen til Jølster for å spela sin andre seriekamp for sesongen. I regn- og sluddbyger tok det unge laget tak i kampen, og trilla ball rundt frustrerte Jølsterdamer dei fyrste minuttane. Alt etter 5 minuttar kom det fyrste målet. Eit oppspel frå Ine Myrland vart ekspedert i mål med ein flott heading frå syster Susanne Myrland. Jotun/ÅTIL fortsatte finspelet og hadde fleire sjansar til å skåre.

Jølster har ein del gode rutinerte spelarar på laget, og dei tok etter kvart over kampen. Etter 16 minuttar utlikna dei, og 15 minuttar seinare gjekk dei opp i leiing 2-1 på eit godt langskot. Siste 5 minuttane i fyrsteomgangen slo Jotun/ÅTIL tilbake. 2 minuttar før halvtid avslutta Susanne Myrland eit fint angrep og utlikna. I siste sekundane av omgangen sat ballen nok ein gong i nota, same målskårar som tidlegare og leiing til pause.

Starten av 2. omgangen var prega av kriging og duellar, utan at nokon av laga hadde eit markant overtak. Etter 68 minuttar kom ei superskåring frå Jotun/ÅTIL. Olaug Marie Aalen starta angrepet, spela fri Susanne Myrland. Ho spela vegg med Kristin Dvergedal og sette ballen sikkert i mål frå kort hald.

2 minuttar seinare reduserte Jølster frå kort hald etter litt klabb og babb i forsvaret til Jotun/ÅTIL.

Etter skåringa til Jølster så bølga spelet litt fram og tilbake, mellom anna så var Jølster åleine med Marie Vinsand Wigum i Jotun/ÅTIL målet. Marie rykka ut og redda, og kampen ebba ut med 4-3 til Jotun/ÅTIL.

Neste kamp er toppkampen mot Sogndal, den går 22. mai på Cuba stadion. Begge laga er ubesigra etter 2 rundar.

2 debutantar i dag og, både Astrid Fossen Bolstad og Ingrid Øvstetun gjorde sine saker bra i ettermiddag!

Kampfakta:
0-1, 5 min., Susanne Myrland
1-1, 16 min., Jølster
2-1, 31 min., Jølster
2-2, 43 min., Susanne Myrland
2-3, 45 min., Susanne Myrland
2-4, 68 min., Susanne Myrland
3-4, 70 min., Jølster