Sterk bortesiger til Jotun/ÅTIL!
8. mai 2015
Endeleg siger
24. mai 2015
Vis alt

FLOTT FAIR PLAY KAMP PÅ HAFSLO!

Frå heimesida til SFFK

Årets første Fair Play kamp gikk mellom Hafslo 1-Jotun i J 11-klassa, mandag 18.mai

Flotte rammer og flott ver møtte våre representantar på Hafslo stadion til kampen. Synlege kampvertar var tilstades og tok imot gjestane og ønskte velkommen.

Før kampen vart det tid til ein prat med spelarar,trenarar og dommar, rundt Fair Play og kva dette eigentleg er. Jentene hadde gode svar og det vart ein god dialog rundt dette.

Sjølve kampen vart veldig jamn, der heimelaget til slutt trakk det lengste strået og kunne feire ein 3-2 siger.

Begge laga fekk frukt i pausen av arrangøren, noko jentene synes var veldig kjekt.

Spelarar, trenarar og foreldre gjorde det heile til ein kjekk kveld å tilbringe på Hafslo, utan uheldige episodar!

Vel gjennomført arrangement!