FLOTT FAIR PLAY KAMP PÅ HAFSLO!
21. mai 2015
Solid bortesiger
29. mai 2015
Vis alt

Endeleg siger

Etter 3 sure tap tok endeleg samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/Årdal 2 sin fyrste 3-poengar i dag. Motstandar var Hyllestad/Dale 2, og etter 90 minuttar stod det 2-0 på lystavla.

Heimelaget starta kampen klart best, og Hyllestad/Dale 2 var knapt over midten det fyrste kvarteret. Sjølv om dominansen var stor, så sleit heimelaget med å skape dei store sjansane. Etter 15 minuttar fekk Jotun/ÅTIL/Årdal 2 frispark på omlag 18 meter. Jonas Madocs klinka til, og via eit Hyllestad/Dale 2 bein enda ballen i nettmaskene. Like før skåringa hadde og Marius Loftheim ein stor sjanse, så leiinga var fortent.

1-0, frispark ved Jonas Madocs

1-0, frispark ved Jonas Madocs

Hyllestad sin einaste sjanse i omgangen kom og på frispark, men avslutninga tok muren seg av.

2. omgangen var spelemessig betre frå Jotun/ÅTIL/Årdal 2. Midtbana kom meir med i spelet, og kantane fekk fleire ballar å jobbe med. Heimelaget skapte fleire store sjansar, mellom anna hadde laget 3 sjansar på rad etter kårner som alle kunne resultert i mål.

Kenneth Hagen med eit  spektakulert avslutningsforsøk

Kenneth Hagen med eit spektakulert avslutningsforsøk

Presset gav til slutt utteljing. Kaptein Halvor Neset kom seg fint fri på venstresida. Innlegget havna i beina til Marius Loftheim som frå 8 meter sette ballen sikkert i mål. Heimlaget kunne skåra fleire mål, men var rett og slett ikkje skarpe nok framfor mål.

Marius Loftheim set inn 2-0

Marius Loftheim set inn 2-0

Ragnar Åmot hadde ein god dag som dommar, og hadde fin kontroll på kampen.

Neste kamp for samarbeidslaget er borte mot Askvoll/Holmedal fredag 29. mai.