Etter 3 sure tap tok endeleg samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/Årdal 2 sin fyrste 3-poengar i dag. Motstandar var Hyllestad/Dale 2, og etter 90 minuttar stod det 2-0 på lystavla.
Heimelaget starta kampen klart best, og Hyllestad/Dale 2 var knapt over midten det fyrste kvarteret. Sjølv om dominansen var stor, så sleit heimelaget med å skape dei store sjansane. Etter 15 minuttar fekk Jotun/ÅTIL/Årdal 2 frispark på omlag 18 meter. Jonas Madocs klinka til, og via eit Hyllestad/Dale 2 bein enda ballen i nettmaskene. Like før skåringa hadde og Marius Loftheim ein stor sjanse, så leiinga var fortent.
Hyllestad sin einaste sjanse i omgangen kom og på frispark, men avslutninga tok muren seg av.
2. omgangen var spelemessig betre frå Jotun/ÅTIL/Årdal 2. Midtbana kom meir med i spelet, og kantane fekk fleire ballar å jobbe med. Heimelaget skapte fleire store sjansar, mellom anna hadde laget 3 sjansar på rad etter kårner som alle kunne resultert i mål.
Presset gav til slutt utteljing. Kaptein Halvor Neset kom seg fint fri på venstresida. Innlegget havna i beina til Marius Loftheim som frå 8 meter sette ballen sikkert i mål. Heimlaget kunne skåra fleire mål, men var rett og slett ikkje skarpe nok framfor mål.
Ragnar Åmot hadde ein god dag som dommar, og hadde fin kontroll på kampen.
Neste kamp for samarbeidslaget er borte mot Askvoll/Holmedal fredag 29. mai.