Klare for ei veke med fotballmoro!
12. juli 2015
Strålande innsats i Gothia Cup
16. juli 2015
Vis alt

Siger til G14 og J15!

Då er Gothia Cup i gang, og den fyrste dagen vart det 2 sigrar til laga frå IL Jotun. Gutar 14 vann 1-0 over Sandsbro AIK, medan jenter 15 drog i land ein knipen 3-2 siger etter at Mari Bjørk avgjorde med 10 sekundar igjen av kampen.

Dei to andre gutelaga fekk det langt tøffare. Gutar 13 tapte 7-0 mot AP Top 54 frå Polen, og gutar 16 tapte heile 9-0 mot Enskede IK frå Sverige.

I tillegg til dette var Susanne Myrland med på Haugar jenter 18 som vann 1-o mot Eskilsminne IF frå Sverige.

No er det tid for opningsseremoni på Nya Ullevi, eit av høgdepunkta i turneringen. Ekstra kjekt er det at Susanne Myrland skal representere Norge under opningen. Ho marsjerer inn framfor 57000 tilskodarar i kveld, bilete kjem i morgon.

Her er bilete frå gutar 13 og gutar 16 sine kampar i dag, samt eit bilete av nøgde jentespelarar etter kampen. I morgon kjem det bilete frå dei andre laga og 🙂

Viktig!!! Klikk på bileta for full størrelse…