Siger til G14 og J15!
13. juli 2015
Har du en fotball, så har du alt!
17. juli 2015
Vis alt

Strålande innsats i Gothia Cup

For fyrste gong har IL Jotun fått 2 lag til A-sluttspel i Gothia Cup. I går rauk G14 ut for Onsala i ein spanade kamp. Jotun tok leiinga 1-0, men Onsala kom sterkt tilbake og vann til slutt fortent 2-1.

J15 spela i dag tidleg mot Eriksberg IF, ein klubb som satsar stort innanfor jentefotballen i Gøteborg. Det var Jotun som kom godt i gang, og brende to store sjansar dei fyrste 10 minuttane. Fyrst var det Anna Eldegard som fekk bra treff på ein kårner, men målvakten stod i vegen. Deretter var Sara Brandsdal åleine gjennom, men nok ein gong fekk målvakta ei tå på ballen slik at den gjekk like utanfor.

Eriksberg skåra på sin fyrste store sjanse i kampen, eit innlegg vart ekspedert kontant i mål frå omlag 7 meter.

Kampen stod og vippa, men 10 sekundar før fyrsteomgangen var ferdig fekk dei tuppa ballen i mål frå kort hald. I andre omgang var og Jotun godt med, men nok ein gong skåra Eriksberg fyrst.

Jotun pressa Eriksberg bakover, og fekk til slutt utteljing. Ein klar hands gav Jotun straffe, og den sette Sara Brandsdal sikkert i mål. Like etterpå hadde og Ingeborg Osland eit godt frispark som målvakta so vidt fekk handa på.

Sara set inn reduseringa til 3-1 på straffe.

Sara set inn reduseringa til 3-1 på straffe.

Kampen ebba ut med 3-1 til Eriksberg. Det er fyrste gongen IL Jotun har hatt eit jentelag i A-sluttspelet i Gothia Cup, det er me sjølvsagt stolte over. Jentene har vist framgang i kvar kamp, men det som imponerer mest er den innsatsen dei har lagt ned i kvar einaste kamp i Gothia Cup.

No er det shopping, Liseberg og andre aktivitetar som står for tur, før heimreisen på laurdag kan planleggast.

Me kjem tilbake med eit stort biletarkiv frå turneringa når me kjem heim til gamlelandet!