Strålande innsats i Gothia Cup
16. juli 2015
TINE fotballskule 22.-23. august
1. august 2015
Vis alt

Har du en fotball, så har du alt!

Det er Ivar Hoff som uttala dette for nokre år sidan.

For andre er fotball enkel matematikk. Resultatet fortel heile historia. Resultatet definerer om ein vann, tapte eller spela uavgjort.

Om dette var rett, så hadde rekrutteringa til den største idretten i verda vore dårleg. Alle kan ikkje vinna, nokon må tapa.

Me har tapt. Mykje. Svært mykje. 0-13. 0-9. 1-5. 0-9. Mot lag frå Sverige, Brasil, Colombia og USA.

Likevel er gutane nøgde, dei går av bana med eit smil om munnen. Dei takkar høfleg for kampen, stiller opp til lagbilete med motstandaren etterpå og diskuterer små og store situasjonar frå kampen. Sklitaklingar, gule kort, tunnellar, sjølvmål, offsidelinja som plutseleg fungerte og uflaks. Ingen kjeftar på kvarandre, ingen hevar seg over dei andre på laget. Samhold.

Dagen etterpå står dei opp klokka 08:00 sjølv om dei er ute av turneringa. Dei skal opp og støtte J15 som framleis er med. «Raude og grøne» jomar over stadion før fuglane har stått opp.

19 spelarar tok turen til Gothia Cup. Nokre av dei har aldri spela ein fotballkamp, 16 har aldri spela 11ar fotball. Målvakten har aldri eigd keeperhanskar. Difor definerte dei sjølv målsetningane.

Å skåre EIT mål i løpet av turneringa var den fyrste, den andre var ikkje å sleppe inn tosifra i kampane. I 3 av 4 kampar var det ikkje tosifra, og når skåringa kom, var jubelscenene ubetalelege.

19 spelarar har fått minner for livet. Dei vert ikkje gløymt.

Resultata derimot, er det ingen som hugsar om nokre år.