Strålande sesong for småjentene
6. desember 2016
Minneord Olav Midtun
21. desember 2016
Vis alt

Medlemskort og treningsavgift IL Jotun

2016 er snart til vegs ende og IL Jotun skal gjera opp status  i forhold til medlemsinntekter og betalt treningsavgift. Treningsavgifta vert betalt inn til hovedlaget og skal ved årsslutt fordelast ut att på gruppene utifrå den aktiviteten som er i gruppene.  Gjennom året har gruppene betydelege utgifter til hall-/baneleige, reisekostnader til kampar og stemner, dommarutgifter, forsikringar og kontingent til forbund med meir.  Dette skal dekkast inn gjennom treningsavgifta som kvar enkelt medlem i Jotun SKAL betale. For å verta dekka av forsikringsordningane til Jotun må også alle ha betalt medlemskontingent. Det er kvart enkelt medlem som er ansvarlege for å sjekke at de er registrert i medlessystemet.  Alle særgrupper har ein medlemsansvarleg som de kan henvende dykk til.  Eller de kan vende dykk til underteikna.
Når me no sit og gjer opp status, er det  trist å sjå at det er nokon av dykk som framleis ikkje har betalt medlemskort og treningsavgift for 2016. Dette trass i fleire purringar og medlemar i styret har gått rundt og lagt faktura i postkassane.
Sjølv om året er ved vegs ende betyr det ikkje at krava om medlemsavgift og treningsavgift forsvinn. Dette kjem til å følgje med vidare inn i 2017.
Me minner og om at signering av overgangar til nye klubbar ikkje vert gjort før all avgift i eksisterande klubb er gjort opp.
Om nokon ikkje er registrert som medlem eller av andre grunnar ikkje har fått tilsendt krav om treningsavgift, så ta kontakt. Er det nokon som har betalt men likevel fått purring, må underteikna ha kopi av kvittering slik at me får sjekke om det ligg noko feil i medlemssystemet.

På vegne av IL Jotun, Ruth Laberg (medlemsansvarleg)